NBK kollapsa

RAKNA: Kristian Andås spelte ein god førsteomgang, og skåra NBK sitt første mål. Etter kvilen rakna NBK derimot fullstendig.

RAKNA: Kristian Andås spelte ein god førsteomgang, og skåra NBK sitt første mål. Etter kvilen rakna NBK derimot fullstendig. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Opprykkshåpet til NBK heng i ein syltynn tråd, etter at Gneist snudde 2-0 til 2-3 i Knarvik no i ettermiddag.

DEL

NBK rota det til for seg sjølv mot Norheimsund i midtveka, kampen som skulle gi laget eit godt opprykksutgangspunkt inn mot sluttspurten av årets sesong.

Etter å ha leia 1-0, snudde gjestane frå Kvam det heile til 1–4 i andre omgang. Det var difor ein revansjesugen gjeng som tok imot Gneist på graset i Knarvik lørdag ettermiddag.

2-0-leiing

Heimelaget tok då også initiativet frå start, og det var heilt fortent då Kristian Andås heada eit innlegg frå André Semmingsen Fivelsdal i lengste hjørnet etter rundt 27 minutt.

Les også: NBK kontra i senk

Ikkje lenge etter var Fivelsdal på farten igjen. Etter å ha drege av eit par mann både to og tre gonger på sekstenmeterlinja, la han igjen til Aleksander Belland-Eriksen. Sistnemnde sette breisida til, og plasserte ballen oppunder tverrliggaren. Dermed stod det 2–0.

Gneist hadde ikkje mykje å by på dei første 40 minutta, men laget skulle truleg vore redusert til ti mann då Jørgen Mangor-Jensen vart tatt som bakarste mann ti minutt før kvilen. Domaren peika derimot på ballen, og let spelet gå vidare, til store protestar.

Første omgang såg ut til å enda med 2-0-leiing til NBK, men eit par minutt før domaren blas kom det eit gjennomspel som såg ut til å gå heile vegen inn til keeper. I staden slo ballen innom midtstoppar Anders Belsvik, og mista med det mykje fart. Denne sjansen let ikkje Gneist gå frå seg, og ein årvaken angripar sette sikkert inn 2–1, på lagets første sjanse. Dette resultatet stod seg til pause.

Les også: Undrenes tid er ikkje forbi på Radøy!

Frå 2–0 til 2–3

2–0 er ei farleg leiing. 2–1 er ei farlegare. I alle fall i 4. divisjon. Og i basketball. Det var også eit NBK-lag med tilsynelatande manglande sjølvtillit som entra bana etter pausen. Gneist vart raskt sleppt inn i kampen igjen, og sjølv om ingen av laga varta opp med spesielt mykje bra spel på den etter kvart svært tunge og sleipe grasmatta, låg det liksom i lufta at den som først fekk hol på byllen i andre omgang ville ta dette heim.

Den første skåringa i dei siste 45 var det Gneist som fekk. Gjennomspelet var godt, og avslutninga klinisk. Det var heller ikkje ufortent at utlikninga kom, då gjestane frå Liland på dette tidspunktet hadde spelt seg opp. Men det var berre laget sin andre sjanse i kampen.

Les også: Draumedebut i NBK-trøya

Med 20 minutt igjen på uret kom også 2–3. Innlegget frå venstresida var perfekt, og nedfallsfrukta vart tatt godt vare på og ekspedert rett i kassen. 2-3, og tre mål på tre sjansar for Gneist. Det må kunne kallast god utteljing.

Det siste kvarteret tok NBK seg saman igjen, og raudtrøyene produserte fleire store sjansar. Fleire mål vart det derimot ikkje. Gneist sin gode sisteskanse varta opp med fleire matchvinnande redningar på tampen, og fleire gonger vart ballen også stoppa i skikkelege møljer inne i Gneist-boksen. Dermed var det også Gneist -spelarane som til slutt kunne sleppa jubelen laus i Knarvik.

Tøff innspurt

Med denne trepoengaren overtek Gneist andreplassen i avdelinga. Laget frå Liland har 37 poeng etter 20 spelte kampar. Loddefjord kan visa til dei same tala, men ligg på plassen bak med dårlegare målskilnad. Nest-Sotra 2 har også 37 poeng, men ein kamp mindre spelt. NBK har på si side 36 poeng på 5. plass.

På same måte som Gneist og Loddefjord har laget spelt 20 kampar, medan Nest-Sotra 2 altså har spelt 19. Det er med andre ord mykje teori inne i bildet enno, men opprykkssjansane til NBK er betydeleg svekka etter ei svært dårleg fotballveke i Knarvik.

No ventar Nordre Fjell i Knarvik til helga, medan Brann 3, Loddefjord og serieleiar NHH utgjer den tøffe, men framleis spennande innspurten.

Les også: «Då eg byrja i jobben, var det ingen som ville spela for Brann»

Artikkeltags