NBK klatrar i botnstriden

DAGENS MANN:Joachim Hopsdal, som vart henta opp frå andrelaget etter sommarferien, markerte seg på ny for NBK sitt A-lag onsdag. Med to skåringar vart han kåra til dagens mann i Knarvik. (Foto: Endre Hopland)

DAGENS MANN:Joachim Hopsdal, som vart henta opp frå andrelaget etter sommarferien, markerte seg på ny for NBK sitt A-lag onsdag. Med to skåringar vart han kåra til dagens mann i Knarvik. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 7 år gammel

Med tre kampar igjen av årets sesong har NBK fornya kontrakt i 4. divisjon i eigne hender. Telavåg var ingen match for raudtrøyene i Knarvik onsdag kveld.

DEL

NBK tok imot Telavåg, som ligg komfortabelt plassert på 6. plass på tabellen, til 4. divisjonskamp i Knarvik onsdag kveld. I alt anna enn gjestmildt vêr, skulle det verta mykje å jubla for i NBK-leiren.

Det var riktig nok gjestane frå Telavåg som kom best i gang, og som produserte den første sjansen, utan at det vart noko meir enn ein sjanse.

Etter dette tok NBK meir tak i kampen, og etter ein god halvtime kunne Chris Fosse setja inn eit fortent leiarmål til heimelaget. Berre eit par minutt seinare auka Alexander Hindenes til 2-0, før Fosse på ny var frampå og sette inn 3-0 seks-sju minutt før pause.

Halvt dusin mål

Etter kvilen gira Telavåg opp eit hakk, og fekk eit lite overtak ei lita stund, utan at det vart mål av det. Når så Joachim Hopsdal sette inn 4-0 for NBK med 20 minutt igjen på uret, var kvelden definitivt øydelagt for langvegsfarande Telavåg-karar.

Saka vart ikkje mykje betre av at den same Hopsdal netta sitt andre for dagen fem minutt før full tid, eller av at Magnus Tande fullførte halvdusinet på overtid.

Telavåg hadde ingenting å svara med, og NBK kunne innkassera sesongens femte, og klart største, siger utan problem.

Nedrykkskabal

NBK har ikkje hatt nokon stor sesong resultatmessig, men med sju poeng på dei tre siste kampane har laget kome seg opp eit par plassar på tabellen. Plassen er likevel langt frå trygg.

I utgangspunktet er det fem lag som rykkjer ned frå dei to 4. divisjonsavdelingane, men sidan Bergen Nord allereie har rykka ned frå 3. divisjon, forplantar dette seg nedover i systemet. Altså rykkjer seks lag ned frå dei to avdelingane. Dersom Knarvik-laget vert liggande der dei ligg no, er sjansane gode for fornya kontrakt, vel og merke dersom Radøy/Manger ikkje rykkjer ned.

Laksevåg møter både tabelljumbo Sund og laget som ligg mellom NBK og seg sjølv med 21 poeng, Gneist, i to av dei tre siste kampane, medan NBK skal ut i kamp både mot serievinnar Lysekloster og serietoar Lyngbø.

Laksevåg har i tillegg igjen Frøya, laget som ligg på tredjeplass på tabellen, eitt fattig poeng bak andre opprykksplass. Også Gneist, som altså ligg poenget bak NBK, er i aller høgst grad med i nedrykksstriden.

I tillegg til Laksevåg møter laget Frøya og Dale i sine siste kampar. NBK har elles Loddefjord borte i serieavslutninga 20. oktober.

Det er med andre ord duka for ei skikkeleg thriller-avslutning i 4. divisjon denne sesongen.

Artikkeltags