NBK klatra til 9.plass i regnet

MATCHVINNAR: Joachim Hopsdal kom inn og netta to gongar for NBK i kampen mot Laksevåg no i kveld. Bildet er frå Gneist-kampen for eit par veker sidan. (Foto: Endre Hopland)

MATCHVINNAR: Joachim Hopsdal kom inn og netta to gongar for NBK i kampen mot Laksevåg no i kveld. Bildet er frå Gneist-kampen for eit par veker sidan. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 8 år gammel

Det tok ein time før det skjedde stort på Knarvik stadion no i kveld, men i siste tredjedel av kampen viste NBK moral, og drog i land tre svært viktige poeng.

DEL

Vêrgudane spelte ikkje særleg på lag i kveld, så både NBK og Laksevåg måtte finna seg i våte drakter og ei tung grasmatte i Knarvik. Dette var det heimelaget som takla best.

Laga følgde kvarandre til rundt ein time var spelt, utan at det vart mål av det. Så fann Magnus Tande opningen han trengte, og sette inn 1-0 for raudtrøyene.

Fem minutt seinare var det balanse i rekneskapen igjen, då Laksevåg vart tildelt straffe. NBK-keeper Espen Kjenes var etter ballen, men klarte ikkje å avverga markkryparen til høgre for seg.

1-1 stod seg i nye fem minutt, Då tok innbytar Joachim Hopsdal saka i eigne hender, og sende NBK tilbake i føringa.

Laksevåg hadde ein ball i treverket like før full tid, men det var NBK som skulle få utteljinga denne kvelden. På overtid fastsette Hopsdal sluttresultatet til 3-1, og sende NBK opp på på 9. plass.

Artikkeltags