NBK har vunne fem av dei seks siste kampane

FEM AV SEKS:Kristian Andås og NBK har vunne fem av dei seks siste kampane. I?helga vart Sandviken slått 1?4.

FEM AV SEKS:Kristian Andås og NBK har vunne fem av dei seks siste kampane. I?helga vart Sandviken slått 1?4. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

På same måte som i fjor fekk NBK ein dårleg start på årets sesong. Og på same måte som i fjor har ting gått seg til etter kvart som graset har vorte grønare. I helga var det Sandviken som fekk unngjelda.

DEL

– Vi visste at vi møtte eit fysisk tøft lag med enorm vilje. For å slå dei måtte vi møta dei med det same. Vi viste ein enorm kollektiv innsats frå starten av, og vart løna gjennom godt spel og tidlege mål, seier Erling Ola Fykse, som trenar NBK?saman med Erlend Andås og Roy Pettersen.

Andås x 2

Det var Kristian Andås som starta ballet for NBK. NBK tok initiativet frå starten, og etter ti minutt sat den første ballen i nota. Den same Andås la også på til 0–2 i det 30. minutt, før Sindre Skår, som etter kvart må kunne kallast ein NBK-veteran til tross for at han berre er 30 år, sette inn 0–3 rett før sidebyte.

LES OGSÅ: Full speed rundt Radøy

Etter kvilen held NBK trykket oppe, og 20 minutt ut i andre omgang sette Aleksander Hindenes inn 0–4.

På dette stadiet var kampen i realiteten køyrt, men Sandviken fekk likevel pynta litt på resultatet. 1–4 kom etter 70 minutt, men dette vart også kampen siste skåring. Dermed noterte NBK?seg for sin femte siger på dei seks siste kampane.

– Skapt eit kollektiv

– Sandviken er ikkje ein enkel motstandar, men vi sjokka dei, og dei kom seg aldri etter sjokket, seier Fykse til Nh.

LES OGSÅ: Bakkerud får skryt frå europameister Bakkerud

Han er meir enn fornøgd med det laget hans presterer i denne vanskelege bortekampen.

– Vi har skapt eit kollektiv som forsvarar seg saman og angrip saman. I tillegg ønskjer vi å spela attraktiv fotball, noko eg synest vi får godt til, seier han.

HER KAN DU SJÅ TABELLEN I 4. DIVISJON.

NBK er no oppe på 7. plass på tabellen med 17 poeng. 4. plassen i avdelinga har 19 poeng. Det er med andre ord svært jamt midt på tabellen i 4. divisjon menn, avdeling 1. Fykse trur då også på ein spennande og jamn haust.

Trur på ein god haustsesong

– Dette vert ei spennande tid. Utfordringane vert mange, for det er store endringar i laget frå kamp til kamp grunna jobb, studiar og liknande. Difor er det viktig at alle spelarane i troppen til ei kvar tid er klar over si rolle i kampsituasjon, seier Fykse.

LES OGSÅ: Amin Askar: – Eg trudde me skulle krasja

Utfordringar til tross, NBK-trenaren har trua på ein god haustsesong.

– Vi skal i alle fall prøva å maksimalisera talet på poeng etter beste evne, seier han.

NBK møter serietoar Odda på bortebane til helga, ein av dei absolutt tøffaste kampane heile året. Kampen går på Odda si nye kunstgrasbane.

Artikkeltags