Mista to poeng i siste speleminutt

Artikkelen er over 6 år gammel

NBK spelte nok ein god kamp borte mot den knallsterke serietoaren Odda i helga. Og innsatsen held nesten heile vegen inn.

DEL

– Eg er veldig stolt over lagmoralen i gruppa, og at alle gjer arbeidsoppgåvene sine. Odda borte er knalltøff motstand, dei spelar med stor energi og er ein gjeng med vinnarskallar. Men vi viser altså formidabel moral og laginnsats heile kampen igjennom, seier NBK-trenar Erling Ola Fykse til Nh.

NBK tok ei tidleg leiing, signert nysigneringa Jørgen Magnor-Jensen. Skåringa var faktisk hans første spark på ballen med NBK-drakta på seg.

– Vi kunne leia meir til pause etter å ha halde seg til kampplanen, men i andre omgang trykka Odda veldig på. Spelarane forsvara seg som løver, seier Fykse.

0–1 held seg til det 90. minutt. Då kom utlikninga, etter massivt Odda-press. Eitt poeng i Odda er likevel ikkje noko å skamma seg over for NBK, som verkeleg har funne forma i sommar og tidleg på hausten.

NBK ligg på 7. plass på tabellen med 18 poeng.

Artikkeltags