Må vinna siste kampen

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

ENK har kniven på strupen.

DEL

ENK tapte helgas batalje mot Gneist på Liland med 3-1.

Dermed må laget vinna siste kamp mot Hald, samt ha hjelp frå serieleiar Sotra.

ENK hadde ein skikkeleg oppsving i forma før ferien, og vann fire på rad.

Diverre har det berre vorte ein siger etter ferien, og med sine 15 poeng ligg laget per dags dato på nedrykksplass.

Sotra, som står utan tap denne sesongen og leiar serien, møter Voss2 i siste kamp.

Med siger eller uavgjort i denne kampen, og siger til ENK, vil nordhordlendingane gå forbi nettopp Voss2 på tabellen.

Så sant ikkje Avaldsnes mister opprykket til 1. divisjon, slik at Hordabø rykkjer ned, vil dette bety at ENK er sikker.

Neste helg vert med andre ord svært avgjerande.

Artikkeltags