Må bli nummer fem eller betre

MÅ HALDA 5. PLASSEN: ENK, her representert ved Ida Tangedal, må halda 5. plassen på tabellen for å vera heilt sikker på fornya kontrakt i 3. divisjon.

MÅ HALDA 5. PLASSEN: ENK, her representert ved Ida Tangedal, må halda 5. plassen på tabellen for å vera heilt sikker på fornya kontrakt i 3. divisjon.

Artikkelen er over 9 år gammel

Samarbeidslaget ENK.

DEL

Samarbeidslaget ENK risikerer å rykkja ned til 4. divisjon dersom dei ikkje klarar 5. plass eller betre i årets sesong.

Damelaget ENK kjempar for å unngå nedrykk i ei jamn pulje, men ligg førebels greitt an på tabellen. Med sine 12 poeng ligg laget to poeng framfor Hald og Øygard.

ENK har også to kampar mindre spelt enn Hald. Dette kan koma godt med for jentene.

- I 3. divisjon kvinner er det i utgangspunktet dei to dårlegaste laga som rykkjer ned. Askøy har allereie trekt seg, og hamnar difor nedst. Dermed er det berre sisteplassen i avdelinga som rykkjer ned. Men nedrykk frå 2. divisjon kan føra til at fleire rykkjer ned, seier Petter Pettersen, konsulent i Hordaland Fotballkrets til nh.

I 2. divisjon kvinner, avdeling 4 ligg Follese an til nedrykk med sine åtte poeng. Med berre fire kampar igjen må laget ha minst åtte poeng, og sjølv då er dei avhengig av hjelp frå laga rundt seg på tabellen.

Mykje tyder såleis på at to lag må ned frå 3. divisjon saman med trekte Askøy, for å gi plass til dumpekandidaten Follese.

På toppen av det heile står Voss i fare for å rykka ned frå 1. divisjon. Laget har riktig nok ei fire poengs luke ned til dei to dårlegaste laga i 1. divisjon når fem kampar står att, men dersom Voss skulle ryka, må nok eit lag ned frå 3. divisjon.

Det vil seia at ENK må halda på 5. plassen sin på tabellen for å vera heilt sikker på fornya kontrakt.

Artikkeltags