Lovar endringar før neste kamp

NBK vart pressa på defensiven mot Odda og fekk sitt fyrste heimetap på lang tid.

NBK vart pressa på defensiven mot Odda og fekk sitt fyrste heimetap på lang tid. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

NBK står med eit poeng framføre kampen mot Valestrand/Hjelvik til helga.

DEL

NBK hadde ikkje tapt på nesten eit år på heimebane, men mot opprykksfavoritt og serieleiar Odda var det bom stopp for nordhordlendingane, sist helg.

Skapte for lite offensivt

Det heile enda med eit surt 0–2 tap på heimebane.

– Det er ikkje godt nok. I utgangspunktet vil vi vinna alle kampar, seier trenar Erling Ola Fykse til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Fivelsdal til Fyllingsdalen

Han meiner dei skapte for lite sjansar offensivt til å henga med i kampen.

– Men vi var ok defensivt mot eit lag som er tippa blant tabellvinnarane, seier han.

Han seier at dei møtte eit hardtkjempande og godt organisert Odda-lag.

– Eg veit at vi har meir å gå på, seier Fykse.

– Vi må berre finna tilbake til den flyten vi hadde i treningskampane, seier han.

LES OGSÅ: NBK vart hardt straffa for personlege feil

Etter tre seriekampar står dei igjen med berre eit poeng.

Dei har skåra respektable seks mål på kampane, men dei har og lekt som ei sil defensivt og har på tre kampar klart å sleppa inn heile elleve mål.

– Eit poeng på tre kampar er ikkje bra, innser Fykse.

Leitar etter flytsona

Men trenaren heng ikkje med hovudet av den grunn.

– Vi må vinna ein kamp for å komma i flytsona, vi har framleis trua på det, seier han.

I 2012-sesongen redda dei plassen i den aller siste kampen. I år er ambisjonane å koma blant topp fem.

LES OGSÅ: Kjempar for å unngå nedrykk

Til helga ventar kult-laget Valestrand-Hjelvik på heimebane.

– Spelar vi opp mot vårt beste vinn vi, seier han.

– Vil det verta gjort grep inn mot kampen, for å betra seriestarten?

– Det vil verta gjort taktiske disposisjonar, men eg vil ikkje ut med det i media, sluttar han.

LES OGSÅ: – Brann hadde vore ei fin byrjing

Artikkeltags