Lokalfotballens Mascherano

BEINHARD: Lene Kvinge Tvedt (t.v.) skyr ingenting, og går alltid i krigen med alle krefter. Her er ho i aksjon mot ein Nymark-spelar, som eit halvt sekund etter at bildet vart tatt låg strykeflat på kunstgraset.

BEINHARD: Lene Kvinge Tvedt (t.v.) skyr ingenting, og går alltid i krigen med alle krefter. Her er ho i aksjon mot ein Nymark-spelar, som eit halvt sekund etter at bildet vart tatt låg strykeflat på kunstgraset.

Artikkelen er over 9 år gammel

Samarbeidslaget ENK består stort sett av spelarar frå Eikanger, NBK og Kvernbit. Men det er ein pitbull frå Masfjorden som gjer grovarbeidet.

DEL

Alle gode lag treng ein skikkeleg grovarbeidar. Chelsea har Michael Essien, Liverpool har Javier Mascherano og Arsenal har Mathieu Flamini. På samarbeidslaget ENK er det Lene Kvinge Tvedt (18) frå Kvingo i Masfjorden som gjer dei tyngste jobbane.

Alle som har spelt mot ENK hugsar den blonde midtbanekrigaren når kampen er over. Ho har kanskje ikkje dribla av fem spelarar eller hamra ballen i vinkelen frå 40 meter. Men du kan vera heilt sikker på at ho har vore i flest duellar. Dette er noko som fell heilt naturleg for 18-åringen frå Masfjorden.

Opprykk i debuten

- Eg likar den rolla eg har i laget, seier Lene, som flytta frå Masfjorden til Knarvik for å gå på skule for tre år sidan.

Med flyttinga følgde også eit naturleg klubbskifte, slik mange andre masfjordingar har gjort før ho. NBK vart det naturlege valet, og etter kvart slo laget seg også saman med Kvernbit og Eikanger på damesida. I fjor debuterte ENK i seniorserien, og gjekk like godt gjennom heile sesongen utan tap, noko som også var nok til å sikra opprykk til 3. divisjon.

- Eg hadde vel ikkje trudd at vi skulle rykka opp allereie i første sesongen, men vi spelte godt, og utvikla oss heile vegen, seier Lene til nh.

- Vil vera med vidare

Sjølv er 18-åringen avgangselev på Knarvik VGS. Kva ho skal neste år er ho enno ikkje sikker på, men ho reknar med at det vert vidare studiar i Bergen. Dersom dette vert tilfellet, ser ho for seg at ho fort kan halda fram i ENK.

- Eg har i alle fall lyst til det. Vi er ein veldig bra gjeng, som har det kjekt saman også utanfor fotballbana. I tillegg kjem det opp mange gode, unge spelarar frå dei yngre laga i klubben, slik at laget heile tida utviklar seg, forklarar ho, og viser mellom anna til jentespelaren Linda Helgesen som har imponert stort dei gongene ho har sleppt til på damelaget.

Topp fire

Kva årets sesong gjeld, er både Lene og ENK-trenar Marius Silseth svært usikker på kva som møter dei. Målsetjinga er difor ein plass blant dei fire beste.

- Vi har spelt mot nokon av laga tidlegare, og har ein viss peiling på nivået. Men ein veit jo aldri. Klubbleiinga og styret har gitt signal om at dei ønskjer å etablera laget i divisjonen, og difor ser for seg ein plass like over midten. At det vert tøffare enn i fjor er heilt sikkert, men vi i trenarteamet og spelargruppa trur på topp fire, seier Silseth til nh.

Framtida sikra

Silseth var initiativtakaren med stor I då samarbeidslaget ENK vart ein realitet. Heile historia er på mange måtar eit eksempel til etterfølgje.

- Det er heilt klart ei positiv historie det som har skjedd. Ikkje berre har vi klart å etablera eit samarbeid mellom fleire lokale klubbar på seniornivå, men vi har også fått eit samarbeid på jentenivå, slik at etterveksten til framtidas damelag er sikra, og samarbeidet ikkje berre døyr ut etter nokre år, seier ENK-trenaren til nh.

Artikkeltags