Lokalderby til helga

ÅRETS FØRSTE POENG?: Radøy/Manger, her representert ved Sindre Erstad, jaktar årets første poeng på den grøne øya når NBK kjem på besøk lørdag.

ÅRETS FØRSTE POENG?: Radøy/Manger, her representert ved Sindre Erstad, jaktar årets første poeng på den grøne øya når NBK kjem på besøk lørdag. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Radøy/Manger tar imot NBK på Sletta lørdag. Kjem årets første poeng på den grøne øya i denne kampen?

DEL

Radøy-fotballen har hatt ein forferdeleg start på årets sesong, og både Radøy/Manger sitt A-lag i 4. divisjon, Hordabø sitt A-lag i 6. divisjon og Radøy/Manger/Hordabø sitt damelag i 3. divisjon står utan poeng når utgangen av mai nærmar seg.

Les også: NBK håpar på dobbelt opprykk i år

Radøy/Manger, som i ei årrekkje har vore sjølve flaggskipet i lokalfotballen i Nordhordland, vart kasta ut av 3. divisjon i fjor. No styrer dei beint mot nedrykk for andre året på rad.

Fem strake tap og 2-28 i målskilnad på dei fem første kampane talar sitt tydelege språk, sjølv om sesongen enno er ung.

Les også: Fekk ikkje til fotball-samarbeid i Nordhordhordland i år

Lørdag er det naboane frå NBK som står på motsett banehalvdel. Raudtrøyene har byrja årets sesong bra, og står med tre sigrar av fire moglege så langt i serien. Det held til ein førebels 4. plass i 4. divisjon menn, avdeling 2.

Radøy/Manger ligg på si side heilt sist i avdelinga, men det er nok grunn til å tru at det vert tung mobilisering når naboane kjem på besøk.

Kampen har avspark klokka 15.00 på Sletta.

Les også: Her finn du alle dei lokale seniortabellane

Artikkeltags