Livsviktig NBK-siger

I FORM: NBK-kaptein Alexander Hindenes skåra alle dei tre måla for raudtrøyene i 3-1-sigeren over Gneist i helga. (Foto: Endre Hopland)

I FORM: NBK-kaptein Alexander Hindenes skåra alle dei tre måla for raudtrøyene i 3-1-sigeren over Gneist i helga. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 7 år gammel

NBK tok tre utruleg viktige poeng då Gneist gjesta Knarvik lørdag.

DEL

NBK tok initiativ frå start, men fekk likevel 0-1 i trynet etter berre gode ti minutt.

Like etter vart Joachim Hopsdal felt innanfor sekstenmeteren, og NBK-kaptein Alexander Hindenes var sikker frå krittmerket.

Same mann sytte også for 2-1-leiing til pause, etter å ha vorte spelt gjennom av Kristian Andås, og flikka ballen til høgre for ein utrusande Gneist-keeper.

Etter kvilen var det berre NBK som klarte å skåra, og på ny var det kaptein Hindenes som sette ballen i nettet, også denne gongen frå ellevemeteren.

NBK spelte underhaldande, og Gneist let raudtrøyene få halda på ballen. Denne gongen klarte heimelaget også å utnytta sjansane sine, og det var lite å seia på at poenga vart igjen i Knarvik.

NBK klatrar tre plassar på tabellen med denne sigeren.

Meir om kampen i Nh onsdag.

Artikkeltags