Kvernbit trekkjer A-laget

Artikkelen er over 7 år gammel

Kvernbit har trekt A-laget sitt frå 5. divisjon menn, avdeling 1. Håpet er å starta på nytt i 6. divisjon neste år.

DEL

– Det vart rett og slett ei for stor belastning for alle, både spelarar, trenar og styre. Vi vart samde om at dette var det einaste riktige å gjera, seier dagleg leiar i Kvernbit, Trond Egil Soltvedt, til Nh.

Kvernbit stod med 0 poeng etter 12 spelte kampar, og sleit med å stilla lag til kvar einaste kamp. Nedrykk er nærast uungåeleg slik situasjonen er i klubben.

– Vi jobbar hardt med ungdomsavdelinga vår, men vi kan ikkje gi desse meir belastning gjennom å utgjera A-laget no. Neste sesong er 97-arane gamle nok til å spela senior, og vi jobbar også med å få på plass litt rutinerte spelarar, slik at vi kan melda på eit bra lag i 6. divisjon neste sesong, seier Soltvedt.

Artikkeltags