Knallsterk ENK-siger

Artikkelen er over 9 år gammel

Festar grepet om 4. plassen.

DEL

Samarbeidslaget ENK tok tre svært sterke poeng heime mot serietoar Os søndag.

Etter ein botnsolid førsteomgang og ein god start etter kvilen, kom Os meir med i kampen etter kvart. Laget fekk seg også ei redusering mot slutten av kampen, utan at dette spelte så altfor stor rolle.

ENK tok tre poeng mot eit av dei aller beste laga i avdelinga, og sikra samstundes fornya kontrakt i 3. divisjon.

Trenar Marius Silseth melder på laget sine eigne nettsider at målet no er å halda 4. plassen på tabellen.

For å klara dette må laget ta to poeng på dei siste to kampane, eventuelt få hjelp av Arna-Bjørnar 2 som spelar mot 5. plasshaldar Djerv i deira siste kamp.

Artikkeltags