Katrine vil spela på høgt nivå
Katrine Hansen vart lokal toppskårar for kvinner i sin første sesong på seniornivå. Ungjenta drøymer om å spela på høgt nivå.
19 fulltreffarar klarte Katrine for ENK. Det ho hugsar aller best kom i den siste kampen.
– Fekk kanontreff på volley frå litt utanfor 16 meteren. Det er nok det beste målet mitt, seier ho.
Ungjenta er rask til å gje æra for gullstøvelen vidare til lagveninnene.
– Utan gode spelarar rundt meg hadde eg skåra lite. Får mange gode pasningar, seier ho.
Katrine er rask - rundt 8.0 på 60 meter - og slår fast at gjennomløpingar er hennar styrke.
– Det er slik dei fleste måla kjem, eg er ikkje ein teknikkar som kan gå gjennom på eiga hand, smiler 16-åringen.
Blanda sesong
Sesongen for ENK gir litt blanda kjensler, men ho håpar det etterkvart skal la seg gjera å få eit lag oppover i divisjonane.
– Skal det lukkast, er vi avhengig av at også dei som er litt eldre orkar å henga med. Dessverre sluttar mange når det kjem jobb og barn inn i bildet. Men eg forstår det godt, det er tungt å kombinera, seier den blide ungjenta til Nh.
På kveldstid er ho å treffa i kassa på Rema 1000. Kursen vidare er allereie staka ut. For tida går ho første året på Teknisk og Industriell Produksjon (TIP) på den vidaregåande skulen i Knarvik. Målet er operatørjobb i Nordsjøen.
Om ho ikkje først tek steget til større klubbar, då.
– Har lyst å spela fotball på høgt nivå om eg vert god nok, seier ho.