Kanonstart for Kvernbit

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Imponerande 7-1 i opningskampen viser at Kvernbit meiner alvor med sine opprykks-ambisjonar.

DEL

5. divisjon, avdeling 1: Kvernbit - Austevoll 2 7-1

Mål: Erlend Åsebø (2), Cato Geitanger (2), Stian Smellvær (2), Øystein Hesjedal

På førehand har Kvernbit gått hardt ut, og garanterer dei oppmøtte tre poeng og minst tre mål i kvar kamp. Klare ambisjonar om opprykk la press pådei kvite og svarte frå Holsnøy då dei tok i mot Austevoll 2 på Fossemyra. Men Kvernbit innfridde, og vel så det.

Allereie etter 8 minuttar dundrar Kvernbits høyrekant Erlend Åsebø ballen til høgre for Austevolls keeper. Det vart byrjinga på eit 90 minutters lang mareritt for bortelaget. Berre 7 minuttar seinare var stillinga 2-0. Denne gongen etter at unge Stian Smellvær (17) heada ballen i nett-taket frå kloss hald.

Godt på midten

Austevoll 2 hadde ikkje mykje å stille opp med. Mykje takka være Kvernbits velbalanserte midtbane. Erik Jakobsen, som er ny på laget denne sesongen, jobba knallhardt kampen igjennom og reiv opp bortelaget sitt spel. Det førte til at yngstemann Smellvær kunne ha full fridom til å gå på offensive løp. Etter 27 minuttar puttar han igjen, etter eit glimrande forarbeid av Åsebø på høyrekanten.

- Vi snakka om dette på førehand av kampen. At Stian skulle truga bakrommet med djupe løp. Og det lukkast vi med i dag, seier spelande trenar Øystein Hesjedal.

Før dommaren blas av første omgang har Austevoll 2 redusert med eit vakkert skot frå 17-18 meter. Men Hesjedal sine gutar går fortent til pause med ei tomåls leiing.

Innbytarar gav ny fart

Med 3 poeng innan rekkjevidde skulle ein tru at Kvernbit ville leggja om til ein litt meir defensiv taktikk, men det motsette skjedde. Dei kvite feide unna all tvil, og skåra jamt og trutt. Trenar Hesjedal ordna sjølv 4-1. Så sytte innbytarane for meir moro. Det resulterte i eit målras i midten av andre omgang. Cato Geitanger startar og avsluttar målkalaset som sender Kvernbit frå 4-1 til 7-1 på under fem minutt, innimellom putta og Erlend Åsebø.

- I dag ser vi kor viktig det er å ha ein brei stall. Vi har innbytarar som kan komme inn å gi nytt liv i kampen. Det kan bli avgjerande utover i sesongen, avsluttar ein fornøgd Øystein Hesjedal.

Artikkeltags