Jobbesiger for ENK

Artikkelen er over 9 år gammel

Slo Arna-Bjørnar 2.

DEL

Det unge samarbeidslaget til ENK la ned eit enormt stykke arbeid då knallsterke Arna-Bjørnar 2 vart slått på bortebane i helga.

15 år gamle Linda Helgesen ordna 0-1 etter berre nokre minutt spel, og utover i kampen var ho ein konstant trussel for heimelaget sitt forsvar.

Arna-Bjørnar utlikna til 1-1, men før dommaren blas for full tid rakk ein annan 15-åring, Karianne Snekkevik, å hamra inn 1-2-skåringa som sendte ENK opp på 5. plass på tabellen.

Djerv ligg to poeng framfor ENK på 4. plass, som er den første heilt sikre plassen på tabellen.

Det er denne samarbeidslaget frå Nordhordland no jagar.

Artikkeltags