Jamt, men likevel tap

Artikkelen er over 8 år gammel

ENK rauk mot Arna-Bjørnar 2.

DEL

ENK tok imot Arna-Bjørnar sine nest beste i Knarvik søndag, ein kamp som i følgje rapportane var nokså sjansefattig.

Gjestane skåra kampens einaste mål då eit frispark trefte stonga og returen vart sett i nettet.

Kampen sett under eitt hadde heimelaget god defensiv kontroll, men med unntak av Anna Osland Øvretveit sitt skot i tverrliggaren frå 17-18 meter tidleg i første omgang, kom ENK aldri nær skåring.

Det unge samarbeidslaget vert liggande på 7. plass etter denne kampen, og møter tabellnabo Åsane2 i neste kamp.

Artikkeltags