Hordabø best i generalprøva

Artikkelen er over 8 år gammel

Slo ENK i Knarvik.

DEL

Nyopprykka Hordabø viste seg som det sterkaste laget i helgas treningskamp mot ENK.

Våre to beste, lokale damelag møttest i Knarvik, og det var Hordabø som styrte det meste av kampen.

Stortalentet Helene Marøy gjorde 0-1 for gjestane, eit resultat som stod seg til pause. Jannike Garberg utlikna i ein god ENK-peridode i 2. omgang, men den same Marøy sikra fortent 2-1-siger like etterpå.

ENK stilte med noko redusert mannskap i kampen, men Hordabø viste likevel at dei kan verta eit lag å rekna med når årets sesong tar til midt i april.

Artikkeltags