Her skjeller NBK-spelaren ut dommaren

SKJELLER UT: Her skjeller Anders Glesnes ut dommaren etter å ha vorte utvist mot NHH.

SKJELLER UT: Her skjeller Anders Glesnes ut dommaren etter å ha vorte utvist mot NHH. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Aksepterte ikkje det raude kortet. Risikerer mange kampars utestenging.

DEL

Det vart ei høgdramatisk avsluttning på heimesesongen for NBK sitt herrelag i kampen mot NHH, laurdag.

Nordhordland tok tidleg tak i kampen og sikra seg ei 2-0 leiing mot NHH, men studentane reduserte kort tid etter. Og sjølv om NBK var det førande laget, klarte dei aldri å drepa kampen.

Mot slutten av kampen låg nervene tjukt utanpå trøyene til NBK-spelarane og etter 40. minutt fekk Anders Glesnes direkte raudt kort, for noko som kunne sjå ut som ei hemntackling på ein NHH-spelar.

– Korleis ser du utvisinga?

– Korleis skal eg svara på den? Eg har sett det er blitt gjeve gult kort på den typen ting før, og eg har sett det er blitt gjeve raudt kort på det før, seier NBK-trenar Erling Ola Fykse til avisa Nordhordland.

– Men korleis ser du det som skjer?

– Eg ser at vår spelar får ei tackling og dett over ende. Det som skjer etterpå er eg usikker på, om han reiser seg opp og NHH-spelaren går over ende eller om vår spelar går etter motspelaren. Det klarar eg ikkje å sjå får der eg står, seier han og legg til at han overlet tolkinga av det som skjedde til dommartrioen.

LES OGSÅ: NBK sparte spelarar i storsiger

– Eg meiner det er strengt, men det er ei tolkingssak, seier han.

Etter at Glesnes vart utvist markerte han misnøya si med å skjella ut dommaren på veg av bana. Deretter snudde han seg, gekk tilbake og fortsette å skjella ut dommaren.

TABELL: Her kan du sjå korleis NBK ligg an

No er det varsla rapport frå dommartrioen mot spelaren og klubben. Straffa kan verta mange kampars utestenging.

Men sett bort frå det raude kortet er Fykse nøgd med kampen.

– Eg er nøgd med gjennomføringa vår av fyrste omgang. Når me byrjar på andre omgang hadde me mange målsjansar og moglegheiter til å setja spikaren i kista og få både tre og fire ein, seier han.

LES OGSÅ: Mista to poeng i siste speleminutt

NBK var det klart førande laget i andre omgang og hadde ballen i mål to gonger på svært kort tid. Det fyrste målet var avblåst for eit svært billig frispark, det andre vart avblåst for offside til store protestar frå heimelaget.

– Når me ikkje klarar å setja det målet, får du ei ekstrem nerve i kampen, for NHH får ei rekkje dødballar og det veit me dei er gode på, seier han.

NHH produserte nokre småsjansar, men det vart aldri særleg farleg. Den eine farlegheita deira i andre omgang vart avblåst av dommaren, då han tok frå dei ein fordel etter ei tackling frå ein NBK-spelar.

Fykse dreg fram lagmoralen som kom fram etter at dei vart redusert til ti mann på bana.

LES OGSÅ: NBK har vunne fem av dei seks siste kampane

– Eg er rett og slett stolt over lagmoralen dei viser, og så klarar me å få det avgjerande målet heilt til sist, peikar han på.

– Kor letta var du når de fekk det tredje målet?

– Ekstremt letta. Eg hadde høg puls då, seier han.

NBK ligg no på fjerdeplass på tabellen, og har dei marginane med seg er tredjeplassen innan rekkevidde i siste seriekamp, borte mot Nordre Fjell, neste helg.

LES OGSÅ: Lovar endringar før neste kamp

Artikkeltags