Her er årets toppskårarar

SKÅRAR PÅ BESTILLING: Bente Haveland og Stian Rasdal har skåra på bestilling for ENK og Masfjord heile sesongen. Dei to er saman med Helene Marøy frå Hordabø mestskårande i lokalfotballen i 2012, og får Nh sin lokale gullstøvel for prestasjonane. (Foto: Endre Hopland)

SKÅRAR PÅ BESTILLING: Bente Haveland og Stian Rasdal har skåra på bestilling for ENK og Masfjord heile sesongen. Dei to er saman med Helene Marøy frå Hordabø mestskårande i lokalfotballen i 2012, og får Nh sin lokale gullstøvel for prestasjonane. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 6 år gammel

Med imponerande 36 nettkjenningar kan Stian Rasdal frå Masfjord med rette kalla seg årets toppskårar i Nordhordland. Bente Haveland frå ENK og Helene Marøy frå Hordabø toppar blant kvinnene.

DEL

Alle som følgjer lokalfotballen veit at Stian Rasdal skårar mykje mål. Framfor årets sesong, hans første i 7. divisjon for moderklubben Masfjord, var ambisjonane å bikka 20-talet. Det klarte han med glans. 36 mål på 14 kampar lar seg høyra.

Rasdal sin argaste konkurrent i 2012-sesongen var Vegard Sognefest frå Gulen, som spelte i same avdeling som Masfjord. Sognefest stoppa på 30 fulltreffarar, til gjengjeld berre på ti kampar. Eit snitt på hat-trick i kvar kamp er absolutt godkjent, det også. Trøysta for Sognefest får vera at Gulen spelar i 6. divisjon neste sesong.

Også Christian Frønningen frå Nordre Holsnøy (21 mål) og Are Førde frå Austrheim (20) mål var lenge med i kampen om årets toppskårartittel.

Fekk ei dotter i januar

På kvinnesida vart det etter kvart eit race mellom to hestar. Sjølv om Irene Fyllingen frå ENK (9 mål) og Jill Hermansen frå Radøy/Manger (9 mål) lurte like bak, var det Helene Marøy frå Hordabø og Bente Haveland frå ENK det heile handla om. Dei to delte til slutt sigeren, med 16 mål kvar.

Haveland, som har fem-seks sesongar i Toppserien for Arna-Bjørnar og Sandviken bak seg frå nokre år tilbake, har skåra mål gjennom heile fotballkarrieren sin. Når ho så byrja igjen med fotball på eit lågare nivå for nokre sesongar sidan, hugsa ho framleis kvar målet står.

– Eg har vore med ENK dei tre siste sesongane, men det er først i år eg har spelt dei fleste kampane. Det tok litt tid å koma inn i det, men når det først losna kom også måla, smiler Haveland.

At ho skåra 16 mål i år er imponerande, spesielt med tanke på at ho fekk ei lita dotter i januar.

– Eg var på trening igjen sju veker etter fødselen, men tok det veldig roleg. No spelar eg fotball mest for å koma meg ut og bevega meg litt, fortel ho.

Nokon ny satsing på høgare nivå kjem det ikkje til å verta.

– Men eg satsar på å vera med ENK vidare, seier toppskåraren.

Ny rekord

Også Rasdal har planar om å halda fram i klubben han vart soleklar toppskårar for i år.

– Ja, med mindre Brann kjem med eit kontraktsforslag vert eg nok verande, seier spydspissen med trommestikkebeina.

Rasdal sin gamle toppskårarrekord stamma frå 2009-sesongen med Bjørn West. Den gongen hadde han fleire veddemål gåande om at han skulle bikka 30-talet, og med 28 fulltreffarar før Fedje borte i siste kamp, såg ting greitt ut. Nordavindskuling og hagl gjorde sitt for å øydeleggja, men det vart fire nettkjenningar til slutt, og 32 mål totalt i protokollen. No er altså rekorden slått, i alle fall til neste sesong...

Fullstendig måloversikt i 2012-sesongen:

36 mål:

Stian Rasdal, Masfjord

30 mål:

Vegard Sognefest, Gulen

21 mål:

Christian Frønningen, Nordre Holsnøy

20 mål:

Are Førde, Austrheim

16 mål:

Bente Haveland, ENK

Helene Marøy, Hordabø damer

12 mål:

Even Haugland, Austrheim

Alexander Hindenes, NBK

Joachim Hopsdal, NBK

Yngve Njøten, Radøy/Manger

10 mål:

Otto André Nordby, Fedje

Stian Daae, Gulen

Chris Fosse, NBK

9 mål:

Irene Fyllingen, ENK

Sindre Marøy, Radøy/Manger

Jill Hermansen, Radøy/Manger damer

8 mål:

Ørjan Langhelle, Masfjord

Mads Takvam, Nordre Holsnøy

Ole Kristian Vikenes, Radøy/Manger

7 mål:

Jaroslaw Nowakowski, Austrheim

Annelise Danielsen, ENK

Øystein Olsnes, Fedje

Per Kristian Villanger, Hordabø

6 mål:

Martin Ystebø, Austrheim

Jon Harald Leknes, Fedje

Torstein Sylta, Hordabø

Sonja Haugen, Hordabø damer

Kristian Andås, NBK

Mateusz Merciniak, NBK

Ruben Haugen, Nordre Holsnøy

Mario Bertheussen, Nordre Holsnøy

Jon Helge Eikeland, Nordre Holsnøy

Raymond Kviste, Radøy/Manger

5 mål:

Laila S. Tangen, ENK

Linda Helgesen, ENK

Mads Sleire, Gulen

Remi Skårnes, Lindås

Vidar Tistel, Masfjord

Magnus Tande, NBK

Malik Jallo, NBK

Arild Vikebø, Nordre Holsnøy

Sindre Erstad, Radøy/Manger

Rikke Hermansen, Radøy/Manger damer

4 mål:

Marius Rasch, Austrheim

Anna Øvretveit, ENK

Kristoffer Aga, Fedje

Tarjei Eide, Gulen

Truls Marøy, Hordabø

Ingrid Marøy, Hordabø damer

Arild Haugsvær, Masfjord

Aleksander Vågenes, NBK

Andreas Snekkevik, NBK

Simen Dalland, NBK

Tommy Litleskare, NBK

Mathias Nyhammer, NBK

Øystein Fosse, Nordre Holsnøy

Julie Lilletveit, Radøy/Manger damer

3 mål:

Espen Dahle, Austrheim

Karl Ludvig Daae, Austrheim

Mamadee Kabba, Austrheim

Harald Martinussen, Eikanger

Daniel Toft, Eikanger

Anette Hovland, ENK

Lars Kristian Elnes, Gulen

Rune Marøy, Hordabø

Marius Marøy, Hordabø

Fredrik Hansen, Lindås

Toralf Kolås, Lindås

Sigbjørn S. Johnsen, Masfjord

Kenneth Ludvigsen, NBK

2 mål:

Terje Håland, Austrheim

Christian Talberg, Austrheim

Geir Hamre, Austrheim

Bartosz Ozinski, Austrheim

Richard Toft, Eikanger

Henning Gjelsvik, Eikanger

Renate Vabø, ENK

Espen Aksnes, Fedje

Bjarte Villanger, Fedje

Jack Halland, Gulen

Daniel Tveit, Gulen

Alf Haugland, Hordabø/Radøy/Manger

Kenneth Husebø, Hordabø

Ronny Espenes, Hordabø

Tanita Marøy, Hordabø damer

Maya Vabø Mongstad, Hordabø damer

Sandra Marøy, Hordabø damer

Øyvind Dale, Kvernbit

Roger Myhr, Kvernbit

Henrik Wiik Berg, Lindås

Lars Mathningsdal, Lindås

Daniel Asheim, Masfjord

Vebjørn Haugsdal, Masfjord

Jon Inge Instefjord, Masfjord

Christian Sleire, Masfjord

Åsmund Kvinge, Masfjord

Erlend Kleivdal Halvorsen, NBK

Fredrik Myhr, NBK

Alexander Skomsøy, NBK

Kristian Brakvatne, NBK

André Skurtveit, Nordre Holsnøy

Anders Dragøy, Radøy/Manger

André Semmingsen Fivelsdal, Radøy/Manger

Thomas Lunde, Radøy/Manger

Hege Hermansen, Radøy/Manger damer

1 mål:

Kjetil Bjørsvik, Austrheim

Jan Terje Brügger, Austrheim

Kim Røtme, Eikanger

Ørjan Ånensen, Eikanger

Marie Bjørndal, ENK

Amalie Furelid, ENK

Marita S. Moe, ENK

Anne Askeland, ENK

Jakob Wiken, Fedje

Terje Storemark, Fedje

Martin Karlsen, Fedje

Andreas Idsøe, Fedje

Martin Husevåg, Gulen

Trond Sleire, Gulen

Stian Midtun, Gulen

Eirik Elnes, Gulen

Sonny Hæggernes, Gulen

Hans Martin Martinussen, Gulen

Dan Invær, Gulen

Gisle Taule, Hordabø

Håvard Villanger, Hordabø

Thomas Marøy, Hordabø

Madeleine Njøten, Hordabø damer

Sylvia Haugen, Hordabø damer

Hege Hatlem, Hordabø damer

Christel Bjorøy, Hordabø damer

Simon Wiig-Andersen, Kvernbit

Sebastian Håland, Lindås

Joachim Skårnes, Lindås

Kenneth Larsen, Lindås

Jan Tore Kolås, Lindås

Stian Larsen, Lindås

Alexander Gjersvoll, Masfjord

Sigve Haugsdal, Masfjord

Tore Daae, Masfjord

Kjetil Høydal, Masfjord

Daniel Borge, Masfjord

Svein Nytun, NBK

Tor André Nesse, NBK

Kjetil Hjelmtveit, NBK

Christer Solend, NBK

Steinar Askeland, NBK

Sindre Skår, NBK

Christoffer Knudsen, NBK

Frode Krossnes, NBK

Erlend Kristiansen, NBK

Erlend Andås, NBK

Svein Nytun, NBK

Jon-Mikal Brekhus, Nordre Holsnøy

Pål Husebø, Nordre Holsnøy

Anders Fløysand, Nordre Holsnøy

Ronny Thomassen, Radøy/Manger

Randi U. Kalgraff, Radøy/Manger damer

Ajla Selimic, Radøy/Manger damer

Charlene Vetås, Radøy/Manger damer

Camilla Johnsen, Radøy/Manger damer

I tillegg er det skåra tre sjølvmål lokale lag har dradd nytte av.

Artikkeltags