Held framleis liv i opprykkshåpet

JUBLAR: Ruben Haugen er godt nøgd med nok eit NBK-mål.

JUBLAR: Ruben Haugen er godt nøgd med nok eit NBK-mål. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

NBK måtte slå Nordre Fjell for å ha nokon som helst moglegheit til å klara opprykk til 3. divisjon. Det klarte dei, og dermed er ting heilt ope i avdelinga.

DEL

NBK var oppe på tredjeplass helga igjennom, etter at Nordre Fjell vart slått 3–2 i ein thriller på Knarvik stadion lørdag. Mandag vann Nest-Sotra 2 med suverene 6–1 heime mot Norheimsund, og dermed fall raudtrøyene til 4. plass. Likevel er det heilt ope i kampen om den viktige kvalikkplassen.

Frå 2–0 til 2–2

Både NBK og Nordre Fjell ville framleis henga med i opprykkskampen med siger denne helga, men etter 90 spelte minutt var altså Nordre Fjell kopla av. NBK har derimot framleis gode sjansar. Alle slår nemleg alle i toppen av 4. divisjon menn, avdeling 2.

Les også: Fotballrunden

Sjølve kampen byrja på akkurat same måte som dei siste heimekampane til NBK har gjort. Raudtrøyene tok initiativet frå start, og leiarmålet til Aleksander Vågenes kom etter eit godt kvarter. Same mann sette også inn 2–0 frå straffemerket like etter, og ting såg bra ut for eit tent heimelag.

Scenarioet likna likevel mistenkeleg på det ei lita handfull NBK-supporterar fekk sjå i Knarvik førre helg. Då vart ei tilsynelatande fin 2-0-leiing over Gneist, snudd til 2–3 i favør gjestane frå Liland.

Det er då heller ikkje fritt for at både publikum og lagleiing frykta ei Da Capo då Nordre Fjell fekk redusera til 2-1, og sidan utlikna til 2-2, alt før domaren blas for halvspelt kamp.

Haugen avgjorde igjen

For eit lag som har gitt vekk både leiing og initiativ i dei to siste heimekampane, gjer det garantert noko med psyken når det heile er i ferd med å skje for tredje gong på halvannan veke. Likevel klarte raudtrøyene å reisa kjerringa. Det var riktig nok gjestane frå Ågotnes som tok initiativet i medvinden etter kvilen, men det vart ikkje noko matnyttig utav det.

Les også: Sognefest klatrar

Mål vart det først då berre åtte minutt stod att av kampen. Og det var NBK som gjorde det. Ikkje overraskande var Ruben Haugen sist på ballen, slik han har vore det i matchavgjerande situasjonar fleire gonger tidlegare denne sesongen.

Skåringa til den tidlegare Nordre Holsnøy-spelaren gav NBK piffen dei trong for å stå imot på slutten av kampen, og det var ein letta NBK-gjeng som kunne sleppa jubelen laus då domaren blas for full tid.

Framleis heilt ope

Etter at helgas runde er ferdigspelt, ligg NBK i det ein må kunne kalla ein utfordrarposisjon med tanke på kvalikkplassen. NHH har førebels det soleklare initiativet i avdelinga. Laget har nemleg 44 poeng etter 21 spelte kampar, og leiar serien med fire poeng ned til Nest-Sotra 2 og Loddefjord.

Les også: NBK kontra i senk

Nest-Sotra 2 har på si side berre spelt 20 kampar, men møter Løvstakken på bortebane seinare i kveld. Med tre poeng i denne kampen byrjar det å brenna eit blått lys for NBK sine opprykkssjansar. Då vil nemleg Sotra-laget vera heilt oppe i ryggen på NHH, med 43 poeng etter 21 spelte kampar.

Vert det derimot tap eller uavgjort, er alt framleis ope. NBK har nemleg 39 poeng etter 21 spelte kampar, og møter Brann 3, Loddefjord og NHH i dei tre siste kampane. Dei kan med andre ord både henta poeng sjølve og frårøva opprykkskonkurrentar for dei.

Spennande

NHH har også internkamp mot Loddefjord i løpet av dei tre siste, medan Nest-Sotra 2 mellom anna møter seriefemar Gneist, som også i aller høgste grad er med i opprykkskampen med sine 37 poeng på 20 spelte kampar.

Les også: Her finn du alle dei lokale seniortabellane:

Nest-Sotra 2 må også gjennom det tøffe lokaloppgjeret mot Nordre Fjell.

Det vert med andre ord ei veldig spennande avslutning på årets sesong i 4. divisjon menn, avdeling 2.

Artikkeltags