4. divisjon, avdeling 2: Eikanger - Voss 2 7-1 (3-0)

Mål: 1-0 Kristoffer Møvik (35), 2-0 Andreas Rusten (38, str.) 3-0 Daniel Toft (39), 4-0 Øystein Bratvold (49), 5-0 Daniel Toft (62), 6-0 Møvik (65), 6-1 (70), Møvik (89)

Eikanger: Elias Tvedt, Bjørn Eide, Christoffer Knudsen, Øystein Bratvold, Andreas Rusten, Alexander Hindenes, Richard Toft, Børge Sellevold, Daniel Toft, Kristoffer Møvik, Ørjan Langhelle. Innbytarar: Ruben Hosøy (frå 25.), Eivind Namdal (frå 67) Ørjan Eide (frå 67)

Eikanger fekk ein kanonstart på årets sesong, og det var veslebror Møvik som stal showet.

Eikanger rundspelte Voss 2 i over ein time i søndagens kamp på Ostereidet, og det var 15 år gamle Kristoffer Møvik som viste seg mest fram av alle. Møvik, som spelar seniorfotball på dispensasjon, starta sin første offisielle kamp for Eikanger sitt A-lag mot Voss 2, og kvitterte like godt med tre skåringar.

Eikanger kom dårleg i gang, og var heldig som ikkje låg under etter det første kvarteret. Men derifrå og ut handla stort sett alt om heimelaget.

Einvegskjøring

Unge Møvik sette inn kampens første mål etter 35 minuttar, då han slo Voss sin keeper i ein duell, og heada ballen i nota, etter først å ha lurt offsidefella til Voss.

Andreas Rusten ordna 2-0 frå straffemerket tre minuttar seinare, og berre minuttet etter dette banka Eikanger-kaptein Daniel Toft inn 3-0, som også var pauseresultatet.

Etter kvilen heldt Eikanger oppe presset, og vart løna for dette. Øystein Bratvold kriga inn 4-0, før Daniel Toft ordna 5-0 etter ei frekk vending og eit kjapt skot. Dermed var utklassinga var eit faktum.

Hat-trick for Møvik

Men det skulle verta meir. Unge Møvik skåra sitt andre og Eikanger sitt sjette for dagen, då han etter 65 minuttar spel forserte to mann og dunka ballen i næraste hjørne.

Voss 2 fekk straffe 20 minuttar før slutt, og sjølv om Elias Tvedt gjorde ei glimrande redning, skåra vossingane på returen frå Eikanger sin nye sisteskanse.

Heimelaget pressa på for fleire skåringar, og minuttet før slutt fullbyrda Kristoffer Møvik sitt hat-trick, då han sette hovudet på eit fint innlegg frå kanten.

Flisa snudd

Førre gong Voss 2 og Eikanger møtte kvarandre på Ostereidet, var det Voss som vann 7-1. I søndagens oppgjer var rollene snudd om, til stor glede for dei mange som hadde funne vegen til Ostereidet i nydeleg vårvêr.

Spelande Eikanger-trenar Øystein Bratvold var naturleg nok strålande nøgd etter utklassinga.

- Vi har ein litt fomlete start, men når vi får sett det aggressive presset vårt, tar vi fullstendig kontroll over kampen. Det hadde ikkje vore noko å seia på det om vi hadde vunne med tosifra, seier Bratvold til nh.

- Gjorde dei dårlege

Eikanger-trenaren er glad for at laget hans endeleg fann vegen til nettmaskene igjen.

- Vi har slite litt med å skåra mål i kampane før sesongen, men denne gongen var ikkje dette eit problem. Veldig positivt og inspirerande for gutta at vi også fekk fleire målskårarar, seier Bratvold, og understrekar samstundes at Voss ikkje var noko dårleg lag.

- Voss 2 hadde unge gutar som spelte god fotball, men utover kampen gjorde vi dei dårlegare, seier Bratvold, som kan nyta tabelltopp den neste veka.

Til helga ventar Valestrand/Hjellvik på Osterøy.