God matching i Danmark

JUBEL: Karoline Sandvik og Helene Daae (med ryggen til) feirar skåring mot Avesta. I bakgrunnen ser vi Anna Osland Øvretveit.

JUBEL: Karoline Sandvik og Helene Daae (med ryggen til) feirar skåring mot Avesta. I bakgrunnen ser vi Anna Osland Øvretveit. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

ENK spelar semifinale i ettermiddag.

DEL

Som eitt av fire lag deltar samarbeidslaget ENK i dameklassen i Cup Denmark, den einaste turneringa i Norden med eigen klasse for seniordamelag.

Etter to sigrar og ein uavgjort i det innleiande seriespelet, ventar Avesta i semifinalen klokka 17.00 onsdag ettermiddag.

- Avesta er eit lag vi slo greitt 2-0 i første kamp med ein fot på bremsa, så desse skal vi ta i semifinalen også, seier ENK-trenar Marius Silseth til Nh.

Tøffe Kullabygdingar

Helene Daae og Karoline Sandvik skåra ENK sine mål i turneringas første kamp. I andre kampen skulle laget få brynt seg i langt større grad enn mot Avesta.

Svenske Kullabygdens viste seg som ein motstandar med mykje tempo og teknikk, men sjølv om svenskane gjekk opp i leiinga kom ENK tilbake og snudde kampen til eigen fordel, etter to skåringar av det unge stortalentet Katrine Hansen

- Vi måtte jobba ræva av oss, men vann til slutt 2-1 mot eit veldig bra lag, fortel Silseth på telefon frå sommarvarme Danmark.

Sein skåring sikra gruppesiger

I siste kamp var ikkje nordhordlendingane heilt i støtet. Lenge såg det ut til at det skulle verta 1-0-tap mot Alvesta GIF, men ei sein skåring av Caroline Morken sikra eitt poeng og gruppesiger.

No møter ENK altså gruppefirar Avesta i semifinalen. Finalen i miniturneringa vert spelt i morgon.

- Vi tar dette mest som ein treningsleir, med kampar som tel. Dette er ei flott turnering utan stress og mas, der vi bur i fine hytter like ved banene, fortel Silseth.

- Storkosar oss

Utanom fotballen har ENK-gjengen hatt god tid til grilling, bading og tivoli. Silseth er ikkje i tvil om at laget har godt av ein sommartur.

- Tidlegare år har vi reist på Gothia Cup i Sverige, men i år hadde vi eit par spelarar som var for gamle for juniorklassen. For at også desse skulle få speletid valde vi denne turneringa, og her storkosar vi oss, seier ENK-trenaren.

Nh kjem tilbake med oppdateringar frå semifinalen og ein eventuell finale torsdag.

Artikkeltags