Fotballrunden

Artikkelen er over 4 år gammel

Slik gjekk det med dei lokale seniorlaga.

DEL

Knapt tap for fedjingane

7. divisjon menn, avdeling 4: Fedje – Varegg 2 3–4. Mål Fedje: Jon Harald Leknes, Essien Etokebe, Otto André Nordby

Fedje tok imot Varegg 2 i kulingen på øya i vest i helga, og etter ein førsteomgang prega av mange offsidar til gjestane, tok laga pause på stillinga 1–1. I andre omgang hadde Fedje medvind, men i staden for å køyra over gjestane i «Fedje i medvind»-stil, fekk laget to mål imot. Med ti minutt igjen på uret kom 2-3-skåringa, og i sluttminutta vart også 3–3 sett inn frå straffemerket. Det gjekk mot poengdeling på kunstgraset på Fedje, men heilt på tampen kontra Varegg inn 3-4, og kunne sleppa jubelen laus. Målet gjer nemleg at laget for alvor er med i opprykkskampen, og faktisk også har alt i eigne hender. Dei møter nemleg serieleiar Sandviken 2 i årets siste kamp. Fedje tar på si side imot Flaktveit 3 i sesongavslutninga.

Les også: Sognefest klatrar

Hordabø-damene vann

3. divisjon kvinner: Fyllingsdalen 2 – Hordabø 3–4. Mål Hordabø: Thea Christianslund (4)

Hordabø-damene ligg for tida godt an til å berga plassen i 3. divisjon kvinner. I helga vart Fyllingsdalen 2 slått 3–4 på bortebane. Unge Thea Christianslund vart kampens store spelar med sine fire mål, det siste på overtid. Hordabø ligg på 10. plass på tabellen, med 19 poeng etter 17 spelte kampar. Laget har verdas dårlegaste målskilnad, men heldt både Djerv og Arna-Bjørnar 3 bak seg på tabellen. Radværingane har også eit par hengekampar til gode på dei fleste laga i avdelinga, og det er ikkje meir enn tre poeng opp til 6. plass på tabellen. Frode Myking sitt mannskap har fem kampar igjen å spela denne hausten, og laget har alt i eigne hender.

Telavåg tok poenga

4. divisjon menn, avdeling 2: Telavåg – Radøy/Manger 3–0

Radøy/Manger held Telavåg til 0–0 i ein god time, men den siste halvtimen vart det tre baklengs på laget frå den grøne øya, som for lengst er klare for 5. divisjonsspel neste sesong. Frå Telavåg vert det likevel meld om god innsats kampen igjennom, utan at det vart poeng av den grunn.

NHIL er på sisteplass

5. divisjon menn, avdeling 2: Sotra 2–Nordre Holsnøy 3–4. Mål Nordre Holsnøy: Nils Gunnar Thomle (2), Steinar Askeland

Nordre Holsnøy er nede på sisteplass på tabellen etter at laget tapte 4–3 borte mot Sotra 2 i helga. Heimelaget leia 2–0 etter halvspelt førsteomgang, men Nordre Holsnøy kom tilbake og netta tre gonger før domaren blas for halvtid. Sotra 2 vart i tillegg redusert til ti mann etter ein halvtime, og ting såg bra ut for gjestane. Men det var heimelaget som ville mest, og to skåringar i løpet av det første kvarteret av andre omgang var nok til å sikra tre nye poeng i kampen om opprykk. Nordre Holsnøy spelte etter rapportane ein bra kamp, men det var ikkje godt nok.

Les også: Fotballrunden

Masfjord på nest siste

6. divisjon menn, avdeling 3: BI Bergen–Masfjord 4–3. Mål Masfjord: Stian Rasdal, Kjetil Høydal, Arild Haugsvær

Masfjord har vore i fritt fall i heile haust, og laget er no nede på nest sisteplass på tabellen, til trass for at det berre er fire-fem rundar sidan dei låg an til å kunne kjempa om kvalikkplassen. I helga var det BI Bergen som vart for sterke. Heldigvis for Masfjord er nedrykk usannsynleg, då berre dei to dårlegaste nest sisteplassane i alle 6. divisjonsavdelingar i Hordaland rykkjer ned, og det står dårlegare til med poengfangst i søsteravdelingane.–No handlar alt om å grusa Gulen i siste kamp, seier Masfjord-spelar Arild Haugsvær til Nh.

Gulen knuste Kvernbit

6. divisjon menn, avdeling 3: Gulen–Kvernbit 5–0. Mål: Vegard Sognefest (2), Sondre Midtun, Joakim Wengaard, Marius Haugsdal

Gulen hadde god kontroll på Kvernbit i den sterke motvinden i Gulen i helga, og laget leia fortent 1–0 til pause. Etter kvilen vart det spel mot eit mål når gulingane vart klok på den dryge medvinden, og kampen enda til slutt heile 5–0. Dermed klatrar Gulen eit hakk på tabellen før siste kamp.

NBK 2 vann lokalderbyet

6. divisjon menn, avdeling 3: Hordabø–NBK 2 2–5. Mål NBK 2: Anders Belsvik (4), Jørgen Larsen. Mål Hordabø: Magnus Sundsøy, Christoffer Knudsen

NBK sine nest beste hadde full kontroll på Hordabø i helga, og leia an av ein målkåt Anders Belsvik, vart det til slutt ein komfortabel 2-5-siger. NBK 2 avsluttar sesongen som middelhavsfarar, medan Hordabø er klare for 7. divisjon.

Les også: NBK kollapsa

Lindås styrer mot opprykk

7. divisjon menn, avdeling 4: Lindås–Nymark 3 7–0. Mål: Henrik Wiik Berg, Kjetil Bjørsvik, Thomas Stall, Fredrik Hansen, Eskil Fjellanger, Asle Bjørsvik, Momodou Lamin Touray.

Lindås hadde etter kvart god kontroll på Nymark 3 i helgas oppgjer på Lindås. Kampen byrja riktig nok jamt, men heimelaget leia 2–0 til pause. Då gjestane vart redusert til ti mann etter ein times spel, gjekk ting litt enklare for Lindås, som ikkje gav seg før dei hadde skåra heile sju gonger. Lindås står utan heimetap når ein kamp står att av årets sesong. Laget ligg på kvalikkplassen på tabellen, og møter Hasunds Hund i siste kamp til helga. Serieleiar Sandviken 2 møter serietrear Varegg 2, så med poengdeling i denne kampen og siger med meir enn fire mål til Lindås, vert det direkte opprykk. Det same gjeld dersom Varegg 2 og Lindås begge vinn sine kampar. Innspurten vert spennande.

Artikkeltags