Fotballrunden

Artikkelen er over 4 år gammel

Slik gjekk det med dei lokale laga i helga og tidleg i veka.

DEL

NBK leia 2-0, men Gneist snudde til 2-3 i Knarvik lørdag. Alt om den kampen les du her: NBK kollapsa. Slik gjekk det med dei andre lokale seniorlaga i helga og tidleg i veka:

Så var det stopp for R/M

4. divisjon menn, avdeling 2: Radøy/Manger–Voss 2–6 (1-2). Mål Radøy/Manger: 1–0 Krister Smith, 2–5 Malik Jallo

Voss var det beste laget på Sletta lørdag, og sjølv om heimelaget tok leiinga ved Krister Smith etter ein god halvtime, snudde gjestane frå skibygda til 1–2 før pause. Etter kvilen skåra Voss ytterlegare fire, medan Radøy/Manger berre klarte å putta ein gong, signert Malik Jallo. Dermed stoppa sigersrekkja på to strake for radværingane, som likevel spelar langt betre fotball no enn dei gjorde tidlegare i år. Håpet om å berga plassen i 4. divisjon er over for lenge sidan, men radværingane har framleis ni poeng igjen å kjempa om. Telavåg ventar på bortebane til helga, før Osterøy må til Sletta. Norheimsund er vertskap i årets siste kamp siste helga i oktober. Med skåringa si i helga har Malik Jallo overteke toppskårartittelen på den grøne øya. Fire skåringar på 21 kampar er fasiten.

Les også: NBK kontra i senk

Under streken

5. divisjon menn, avdeling 2: Nordre Holsnøy – Laksevåg 2–3. Mål Nordre Holsnøy: Øystein Fosse, Mario Vikan Bertheussen

Nordre Holsnøy er under nedrykksstreken etter at laget tapte 2–3 heime mot tabellnabo Laksevåg mandag kveld. Heimelaget leia både 1–0 og 2-1, men måtte til slutt sjå seg slått av eit meir aggressivt bortelag. Tre kampar står att av sesongen, og NHIL treng poeng.

Kvernbit slo Masfjord

6. divisjon menn, avdeling 3: Masfjord – Kvernbit 0–1. Mål: Filip Pavlovic

Etter ein god vårsesong, er Masfjord no i fritt fall. I helga vart det 0-1-tap heime mot Kvernbit. Filip Pavlovic skåra kampens einaste mål, og sende med det også Kvernbit opp på 4. plass på tabellen med 19 poeng. Masfjord er på si side nede på 7. plass med sine 16 poeng. Laget har berre Gulen (15) og Hordabø (5) bak seg på tabellen. Hordabø er allereie klare for 7. divisjon neste sesong, men sjansane for at nokon av dei andre lokale laga rykkjer ned er liten. Det er nemleg berre dei to dårlegaste nest sisteplassane i alle avdelingane som rykkjer ned, og her er både avdeling 1, 2 og 4 langt bak avdeling 3, som er nokså jamn om ein ser vekk frå topp- og botnlaga.

Les også: «Då eg byrja i jobben, var det ingen som ville spela for Brann»

Rykkjer ned

6. divisjon menn, avdeling 3: Galgen – Hordabø 10–1. Mål Hordabø: Kenneth Husebø

Inntil denne runden hadde Hordabø teoretiske moglegheiter til å berga plassen i 6. divisjon menn, avdeling 3. Etter 10-1-tapet mot serieleiar Galgen i helga er derimot alt håp ute. Etter 13 spelte kampar har Hordabø berre fem poeng, og med tre kampar igjen kan det maks verta 14 poeng totalt.

Poengdeling

6. divisjon menn, avdeling 3: NBK 2 – Gulen 4–4. Mål NBK 2: Jørgen Larsen (2), Kristian Melandsø, Egil Svindal Fernando. Mål Gulen: Nikolai Andersen, Vegard Sognefest (2), Eirik Høydal.

NBK sine nest beste tok imot Gulen på graset i Knarvik søndag ettermiddag. Det enda med eitt poeng til kvart lag. Det betyr at NBK 2 vert liggande på 5. plass, medan Gulen ligg nest sist.

Les også: Brann vil starta fotball-akademi i Knarvik

Heng med

7. divisjon menn, avdeling 4: Lindås–Frøya 2 2–0. Mål: 1–0 Kjetil Bjørsvik, 2–0 Momodou Lamin Touray

Lindås sine opprykksambisjonar lever i beste velgåande. I helga vart Frøya 2 slått 2–0 på Lindås, i det som vert beskrive som ein tett og jamn kamp med mykje temperatur. Med berre to kampar igjen å spela, ligg laget på andreplass på tabellen. Det betyr førebels kvalifisering til 6. divisjon neste år. Sandviken 2 toppar tabellen med to poeng meir enn Lindås, medan Varegg 2 luskar like bak med eitt poeng mindre.

Nærmar seg opprykk

4. divisjon kvinner, avdeling 1 haust: Bjarg – ENK 1–2. Mål ENK: Amalie Bratten Furelid, Anna Osland Øvretveit

Etter to arbeidsuhell midt i haustsesongen, er ENK no tilbake på vinnarsporet. Tirsdag vart Bjarg slått 1-2 på bortebane, etter skåringar av tooppskårar Amalie Bratten Furelid og Anna Osland Øvretveit. ENK festar med denne sigeren grepet om andreplassen i den jamne avdelinga, som består av dei beste laga frå våravdelingane. Dei to beste laga rykker opp, og ENK har altså ein av opprykksplassane inne. Laget ligg også a-poeng med serieleiar Aksøy, men aksøyværingane har ein kamp mindre spelt. ENK møter nettopp Askøy heime i Knarvik mandag 20. oktober. Før den tid ventar Rubbestadneset, også den kampen i Knarvik, før sesongen vert avslutta borte mot Stord 26. oktober.

Les også: Her finn du alle dei lokale seniortabellane:

Artikkeltags