Fortent tap for ENK

Artikkelen er over 7 år gammel

Arna-Bjørnar2 best på Garnes.

DEL

ENK gjekk på nok eit tap i helga, men i bortekampen mot Arna-Bjørnar2 presterte heller ikkje laget bra, slik dei har gjort i dei føregåande kampane.

- Vi leverte vår svakaste førestilling så langt i sesongen, og tapte fortent med 6-1. Før kampen fokuserte vi på viktigheita av å vinna duellane og ikkje la dei få trilla ball som dei likar. Då vert vi springande i mellom, og det vert vanskeleg å etablera eige spel.

- Når vi gjer det motsette, og er fullstendig fråverande i dei fleste avgjerande situasjonar får vi som fortent, melder ENK-trenar Marius Silseth på laget sine heimesider, www.enkdamer.com.

ENK reiste seg nokså bra etter ein dårleg første omgang, men forspranget til heimelaget var det ingen sjanse til å henta inn igjen.

No må ENK slå tabellnabo Odda i neste kamp om dei skal unngå å verta liggande i nedrykkssumpen denne sesongen.

Artikkeltags