Første serierunde

Artikkelen er over 6 år gammel

Slik gjekk det med dei lokale laga.

DEL

Startvanskar for radværingane

3. divisjon menn, adeling 8: Radøy/Manger - Vik 0-3 (0-2). Mål:? 0-1 Anders Helleland (1), 0-2 Helleland (20), 0-3 sjølvmål (66)

Eit tamt Radøy/Manger-lag imponerte ingen i årets første kamp, sjølv om den største skilnaden på laga som møttest i Austmarka lørdag var dei tre skåringane til gjestane frå Vik.

Det er normalt sett ikkje noko godt teikn å få 0–1 i trynet etter 14 sekund. Spesielt ikkje når det er ditt eige lag som har avspark. Men slik var det for Radøy/Manger i seriepremieren på kunstgraset i Austmarka lørdag ettermiddag. Dermed hadde gjestane frå Vik i Sogn, som på førehand er spådd ein tøff sesong, fått ein draumeopning. Skåringa var det Anders Helleland som sytte for.

Etter Vik sin pangstart fall tempoet i kampen. Begge lag virka prega av ein lang og kald vinter, og det vart ikkje spelt nemneverdig fin fotball nokon retningar. Lange ballar over midtbaneleddet gav mykje strekk i laget, og løpsiveren var ikkje utprega mot verken Vik- eller Radøy/Manger sitt mål.

Eit lite kvarter ut i første omgang tok likevel radværingane tak i kampen, og produserte eit par brukbare sjansar. Ricky Vetås fekk den største, men han hamna for langt bakpå i avslutningsaugneblinken, og sette kula over både keeper og tverrliiggar.

Etter eit brukbart initiativ frå radværingane, var det likevel gjestane som fekk utteljing endå ein gong. I det kampuret viste 20 minutt sette Helleland inn sitt andre for dagen.

Radøy/Manger måtte no opp og fram, men klarte aldri å etablera eit veldig press på Vik. Det dei fekk til tok gjestane sin svært solide sisteskanse, Stig Roar Hovland, seg greitt av. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 0-2, utan at det var så altfor mykje å seia på akkurat dette.

Andre omgang vart aldri spesielt god. Radøy/Manger skapte nokre halvsjansar og ein skikkeleg stor ein, men det ville seg ikkje. I staden var det Vik som fekk gå opp i 0-3, etter at ein hard corner vart styrt i nettet via tverrliggaren av eit Radøy/Manger-hovud midt i omgangen. Dette vart også kampens siste mål.

Radøy/Manger må finna seg i å ligga heilt sist på tabellen etter første serierunde. Laget mangla ein del sentrale spelarar til denne kampen, mellom anna Sindre Erstad, Sindre Marøy og Morten Storheim. Denne trioen kunne fort utgjort ein forskjell. Det er uansett rom for forbetringar, og allereie lørdag er det klart for ny kamp, borte mot Sotra.

***

– Ei skuffande serieopning for oss

4. divisjon menn, avdeling 1: Os - NBK 5-2 (3-1)Mål NBK: 0-1 Aleksander Hindenes (17), 5-2 Kristian Andås (82)

NBK fekk det ikkje til å stemma i årets første kamp. Dermed vart det 5-2-tap borte mot Os.

NBK-trenar Erlend Andås var ikkje veldig fornøgd etter årets første seriekamp.

– Dette vart ei skuffande serieopning for oss, der vi både var svake og hadde mange marginar imot samtidig, seier Andås til Nh.

Kampen starta bra for NBK, og etter 17 minutt sette Aleksander Hindenes inn 0–1 for gjestane. På dette tidspunktet hadde NBK god kontroll. SÅ kom nokre minutt som rysta raudtrøyene, og Os skåra to kjappe. Deretter følgde ei rekkje personlege feil, og det vart mange stygge brot imot. Like før pause kom også 3-1-skråinga.

– Vi hadde trua på at vi kunne henta dette opp igjen, og vi byrja også andre omgang bra. Men så fekk vi straffe imot etter ti minutt, og 4–1. Dermed gjekk mykje av lufta ut av oss, seier Andås.

5–1 vart det også, før Kristian Andås sette 5–2 med ti minutt igjen på uret. Etter dette vart det faktisk spenning, for NBK brente tre svære sjansar, inkludert eit straffespark på tampen. Men det vart null poeng i serieopninga.

***

Poengdeling for Nordre Holsnøy

5. divisjon menn, avdeling 2: Kjøkkelvik–Nordre Holsnøy 0–0

Norde Holsnøy serieopna med 0–0 borte mot Kjøkkelvik, eit resultat NHIL-trenar Victor Windheim er sånn passe fornøgd med.

– Rett etter kampen kjentes det ut som eit tap, men då kvilepulsen var tilbake til normalen var eitt poeng greitt. Null baklengs og ei grei gjennomføring på ei lita bane, seier Windheim til Nh. Nordre Holsnøy hadde klart mest sjansar i kampen, men mål vart det altså ingen av vegane.

***

Tap for Kvernbit

6. divisjon menn, avdeling 2: Sotra 2- Kvernbit 4–0

Kvernbit fekk det tøft i årets første seriekamp borte mot Sotra 2. Det enda med 4-0-tap for kvittrøyene frå Meland, som dermed ligg nest sist på tabellen etter ein serierunde.

***

Hordabø tapte mot god motstand

6. divisjon menn, avdeling 2: Hordabø–Bergenskameratene 2–5 (0-2). Mål Hordabø: Torstein Sylta (2)

– Vi vart pressa hardt i første omgang, og hamna bak med 0–2. Etter pause heva vi oss, og reduserte, før Bergenskameratene putta tre mål på fem minutt, seier Hordabø-trenar Alf Haugland.

Torstein Sylta skåra det første for Hordabø, og han teikna seg også for kampens siste mål, slik at sluttresultatet vart 2–5.

– Vi tapte fortent mot eit godt lag, seier Haugland.

***

Bortepoeng for Austrheim

6. divisjon menn, avdeling 2: Apollo–Austrheim 2–2 (1-2). Mål Austrheim: Kjetil Bjørsvik, Even Haugland

Austrheim kom godt i gang borte mot Apollo, og tok leiinga etter berre nokre sekund. Til pause stod det 2–1.

– Dei køyrde oss godt i andre omgang, men totalt sett hadde vi kvar vår halvdel. Sånn sett var 2–2 greitt, seier Terje Håland, som snørte på seg fotballskoa og tok eit tak då det skranta med folk denne helga.

***

"Vann eit poeng"

6. divisjon menn, avdeling 2: Morvik - Gulen 3-3 (2-0) Mål Gulen: Jack Halland, Mats Stendal, Tarjei Eide

– Vi spielar dårleg første timen, verkar ikkje som vi er på. Vi ligg under 0-2 til pause, og får 0-3 etter rundt timen. Då får Morvik eit raudt kort, og Jack reduserer rett etterpå på eit langskot, seier Gulen-lagleiar Harald Haveland.

Dette tende Gulen, og takka vera heroisk innsats i siste del av kampen, vart det til slutt poeng av det heile. Mats Stendal og Tarjei Eide skåra Gulen sine to siste mål.

– Morvik var eit bra lag som spelte god fotball så lenge kreftene held. Vi fekk eit par kjedelege skadeforfall, i tillegg til at fire-fem mann var opptatt med jobb, så det må nok, slik kampen utarta seg, nesten kunne seiast at vi "vann eit poeng", seier Haveland til Nh.

***

Masfjord knuste Lindås

7. divisjon menn, avdeling 1: Lindås–Masfjord 1–5 (0-2) Mål Masfjord: Stian Rasdal (2), Ørjan Langhelle, Vidar Tistel, Daniel Asheim. Mål Lindås: Marius Rasch

Masfjord sprang mest, og ville mest då Lindås var vertskap for årets første seriekamp på Ostereidet søndag.

I eit forferdeleg regnvêr skåra gjestane fem gonger, medan Lindås ikkje klarte å få ballen i nettet før på eit frispark heilt på tampen. Stian Rasdal, som sjølv skåra to mål, melder om fem-seks gule kort, utan at det vart skikkeleg hissig stemning.

– Alt i alt ein heilt fortent siger, seier han.

***

Poengdeling for Fedje

7. divisjon menn, avdeling 1: Flaktveit 3–Fedje 1–1 (1-0). Mål Fedje: Otto André Nordby

Fedje sikra seg eitt poeng i årets første kamp.

– Kampen vart spelt søndag, dagen der alt av regn og vind hittil i 2013 kom på ein og same dag, og spelet vart deretter. 1. omgang var jamn der vi hadde dei største sjansane, men der heimelaget likevel gjekk opp til 1–0 midtvegs.

– I 2. omgang pressa vi på, og hadde fleire svært store sjansar, deriblant eit stolpetreff. Til slutt kom skåringa i ein periode der kampbildet var i ferd med å snu. Sett i ettertid var det nok bra at utlikninga ikkje kom før, for det siste kvarteret pressa heimelaget kraftig på for siger. Men vi held unna, og seier oss godt nøgde med eitt poeng mot eit ganske bra lag, melder Fedje-oppmann Jon H. Leknes.

***

Storsiger for ENK

4. divisjon kvinner, avdeling 1: Frøya–ENK 0–11. Mål:?Monika Borlaug, Anna Osland Øvretveit (2), Renate Haukås Vabø, Laila Sjøvoll, Bente Haveland, Linda Helgesen (2), Helene Madsen (2) og Anne Cecilie Hopland

Frøya hadde ingen verdas ting å stilla opp med då ENK kom på besøk søndag ettermiddag.

ENK-trenar Anders Vikøren melder om orkan og monsunregn, men kan elles fortelja at laget hans gjorde ein strålande kamp, og valsa over motstandarane både i med- og motvind.

***

Enkel Hordabø-siger

4. divisjon kvinner, avdeling 1: Tertnes 2–Hordabø 1–4. Mål Hordabø: Jill Hermansen (3), Maria Sekkingstad

Hordabø-damene hadde full kontroll borte mot Tertnes 2 i helgas kamp. Nyervervinga Jill Hermansen sette inn tre av fire skåringar for dei grøne.

– Ein grei kamp med god kontroll, og mykje fint spel. Utan ein god Tertnes-keeper hadde vi nok vunne mykje meir. Men vi er godt fornøgd med siger over eit andrelag, dei veit ein aldri kva stiller med, seier Hordabø-trenar Frode Myking.

***

Austrheim-damene sjanselause

4. divisjon kvinner, avdeling 1: Fyllingsdalen 2–Austrheim 1–8. Mål Austrheim: Camilla S. Haugland

Austrheim-damene sin første kamp vart tøff. Fyllingsdalen 2 styrte det meste, men mot slutten kom Austrheim meir med, og fekk seg også ei skåring.

Artikkeltags