- For beskjeden framfor mål

Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Ny poengdeling for ENK.

DEL

ENK hadde det aller meste av spelet i søndagens heimekamp mot Os, men det vart berre ei skåring. ENK-trenar Marius Silseth meiner laget hans hadde fortent tre poeng.

- Utifrå sjansar og spel burde vi vunne, og vi har ballen på deira banehalvdel i store delar av kampen. Men jentene vert for lite besluttsame framfor mål, og litt for beskjeden i avslutningsfasen, seier Silseth.

Helene Daae sendte heimelaget i føringa etter 70 minutt, men gjestane utlikna fem minutt seinare då eit frispark skifta retning i muren og finta ut keeper. Fleire mål vart det ikkje, og sesongens andre poengdeling var eit faktum for samarbeidslaget.

- Vi var ganske skuffa etter kampen, men gler oss likevel over mange lyspunkt. Mellom anna er Lene Kvinge Tvedt tilbake i sin første kamp sidan sommaren 2008. Ho kjem til å bidra sterkt utover i sesongen, seier Silseth.

Artikkeltags