Fivelsdal til Fyllingsdalen

TIL FYLLINGSDALEN: André Semmingsen Fivelsdal (t.v.) er klar for Fyllingsdalen og 2. divisjon. (Foto: Endre Hopland)

TIL FYLLINGSDALEN: André Semmingsen Fivelsdal (t.v.) er klar for Fyllingsdalen og 2. divisjon. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 6 år gammel

Radøy/Manger mister viktig angrepsvåpen

DEL

Radøy/Manger har ikkje hatt nokon god sesongstart, med to strake tap i dei to første kampane. No mister laget også ein av sine viktige anrepsvåpen.

André Semmingsen Fivelsdal har skrive under for FK Fyllingsdalen i 2. divisjon

- Etter å ha trena med klubben ein kort periode, har spelaren og klubbane vorte samde om ein overgang. 23-åringen har sine styrker i det offensive spelet, med fart og ferdigheiter ein mot ein, heiter det på FK Fyllingsdalen sine nettsider.

Same nettstad peikar også på at overgangen kjem på eit gunstig tidspunkt for FKF, som har mista to offensive spelarar med langtidsskader.

Fivelsdal er aktuell for Fyllingsdalen-troppen allereie til morgondagens kamp mot Arna/Bjørnar.

Fivelsdal var kaptein for Radøy/Manger i serieopninga heime mot Vik. Han kom til Radøy/Manger frå Lindås for nokre sesongar sidan.

Artikkeltags