Fire på rad for ENK

Artikkelen er over 7 år gammel

Slo Gneist 2-1.

DEL

Samarbeidslaget ENK har verkeleg funne forma, og i helga tok dei sin fjerde siger på rad då tabellnabo Gneist besøkte Knarvik.

Amanda Hannisdal sette inn 1-0 etter flott framspel frå Caroline Morken etter berre tre minutt. Resultatet stod seg til pause.

Anna Osland Øvretveit dobla ENK si leiing 18 minutt ut i andre omgang med eit frekt utsideskot. Gneist reduserte til 2-1 etter halvtimen, men ENK stod distansen ut, og innkasserte tre fortente poeng.

- Dette er først og fremst ein enorm lagsiger der talet på meter som vert lagt ned nok er avgjerande for at poenga vart igjen i Knarvik, oppsummerar ENK-trenar Marius Silseth overfor laget sine eigne nettsider, www.enkdamer.com.

Artikkeltags