Fekk ikkje til fotball-samarbeid i Nordhordhordland i år

PLANANE ER IKKJE DØDE:?Sjølv om det ikkje vert eit samarbeid mellom lokale seniorklubbane denne sesongen, skal eit framtidig samarbeid diskuterast i løpet av våren.

PLANANE ER IKKJE DØDE:?Sjølv om det ikkje vert eit samarbeid mellom lokale seniorklubbane denne sesongen, skal eit framtidig samarbeid diskuterast i løpet av våren. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

NBK og Radøy/Manger spelar i same avdeling i 2014. Dei kan ikkje svara på kva som skjer vidare.

DEL

– Det er vanskeleg å koma med eit tidsestimat i denne saka, for det er ingenting som er avgjort. Det vi veit er at alle klubbane har seniorlag påmeld under klubbnamnet i 2014, så eit offisielt samarbeid vert på seniorsida vert det ikkje i 2014-sesongen, seier dagleg leiar i NBK, Harald Kvamme, til Nh.

LES OGSÅ: Vil slå saman NBK og Radøy/Manger

NBK, som kom på 3. plass i 4. divisjonsavdelinga si i fjor, får denne sesongen selskap av nynedrykka Radøy/Manger i same avdeling. Kvernbit, den tredje av Nordhordlandsklubbane som er med i det moglege, framtidige samarbeidsprosjektet, spelar i 6. divisjon også i år.

– Saka er på ingen måte død

I NBK-leiren konsentrerer dei seg om seg sjølv denne sesongen, men Kvamme er klar på at samarbeidsballen kjem til å verta tatt opp igjen i løpet av våren.

– Samarbeidet er på ingen møte dødt, og vi held fram tankegangen. Men akkurat no er det ikkje så mykje vi får gjort med det. Laga er påmeld under sine klubbar, og sesongen nærmar seg, seier Kvamme.

LES OGSÅ: NBK er i økonomisk trøbbel

Saka skal opp på NBK sitt årsmøte, og eit fellesmøte mellom klubbane er altså planen å få til i løpet av dei komande månadane,

– Det vi må sjå på er jo avrekninga mellom ønske om lokale lag i eigne klubbar og eit felles satsingslag. Dette veit vi at det er litt delte meiningar om innad i klubbane. Det vi er nokså samde om er at det er viktig å bygga oppunder akademiet vi no har starta, men ekstratreningar på lørdagar for unge spelarar som ønskjer å satsa. Vi har no nesten 60 spelarar mellom ti og tolv år som trenar i Nordhordlandshallen om lørdagane, og her er det spelarar frå heile Nordhordland. Så vi samarbeider allereie på nokre punkt, seier Kvamme til Nh.

– Framtida

NBK-leiaren understrekar i same andedrag viktigheita av å bygga ein fotballkultur med tilhøyrsel i Nordhordland.

LES OGSÅ: Premier League-laget Fulham jaktar Jacob (15)

– Det gjeld å rekruttera spelarane før dei vert gift og hamnar offshore, slik at dei har eit forhold til Nordhordland. Ein samarbeidsklubb her hjå oss kan aldri verta ein kjøpeklubb, og det meiner vi uansett ikkje er nokon god løysing i det lange løp, seier han.

Dagleg leiar i Kvernbit, Trond Egil Soltvedt, understrekar også at samarbeid på tvers av klubbane i Nordhordland allereie er i gang på aldersbestemt nivå.

LES OGSÅ: NBK spelar NM-kvalikk neste sesong

– Juniorane våre har allereie eit godt samarbeid med Nordre Holsnøy, og det held fram også denne sesongen. På seniorsida vil vi vera med å bidra til eit større samarbeid når det vert aktuelt, men per i dag er ikkje våre ungdommar klare for å kjempa om opprykk til 3. divisjon. Slik eg ser det hadde det uansett vore ein dårleg idé å hoppa uti det heile no, på nokså kort varsel. Når det er sagt er det flott at klubbane byrjar å tenka framover. Eit samarbeid er noko vi må få til på sikt, seier den tidlegare England-proffen til Nh.

Fotballgymnas

Soltvedt er, på lik linje med Kvamme i NBK, veldig oppteken av dei unge spelarane. Draumen hans hadde vore å fått eit godt fotballgymnas i Knarvik.

– Det hadde vore heilt eventyrleg, og potensielt eit stort løft for Nordhordlandsfotballen. Men uavhengig av dette er eg heilt sikker på at det kjem endringar i lokalfotballen. Det fine er at det verkar som om mange har lyst til at det skal skje noko. Då bør ting vera enklare, seier han til Nh.

Nh har prøvd å få tak i Radøy/Manger-leiren utan å få svar. På Radøy er det i år meld på eit lag i 4. divisjon under namnet Radøy/Manger og eit lag i 6. divisjon under namnet Hordabø/Radøy/Manger.

LES OGSÅ: Radøy/Manger kasta ut av 3. divisjon

Artikkeltags