Fekk det tøft mot topplaget
FEKK JULING: Anders Dragøy, som her er i duell med Alexander Ødegaard, vart utvist då Radøy/Manger tapte heile 2-8 heime mot Førde. (Foto: Endre Hopland)
Radøy/Manger hang bra med i banespelet fram til laget vart redusert til ti mann. Derifrå og ut handla det meste om Førde.
Den suverene serieleiaren Førde kunne returnera frå Sletta med tre poeng og heile 8-2 i målskilnad. Eit slikt resultat lyg sjeldan, men til Radøy/Manger sitt forsvar hang dei godt med lenge.
Førde, med mellom andre tidlegare Sogndal-, Rosenborg-, Viking-, Metz- og landslagsspelar Alexander Ødegaard i rekkjene, skåra 0-1 på litt for enkelt vis, før nemnde Ødegaard sytte for 0-2 med ei perle av eit raid.
0-3 kom frå straffemerket, før Anders Dragøy pådrog seg sitt andre gule kort, og dermed var heimelaget redusert til ti mann med nesten ein time igjen av kampen.
0-4 vart det også før pause, eit resultat som kanskje ikkje stod heilt til kampen. Ikkje det at ikkje Førde fortente måla, men Radøy/Manger burde også hatt eit par nettkjenningar.
Etter kvilen held Førde fram med sin kjappe angrepsfotball, og mål vart det også. 0-5 kom åtte minutt ut i omgangen, før Sindre Marøy reduserte til 1-5. Sidan vart det 1-6, og 2-6, igjen ved Marøy.
Kvar poenga ville hamna var det ingen tvil om, og meir skulle det verta. Førde skåra ytterlegare to på slutten, og påførste dermed Radøy/Manger årets største tap.