Fedje får kunstgrasbane

Artikkelen er over 6 år gammel

33 år gammal bane med etterlengta oppgradering.

DEL

Grusbana på Fedje er gammal og sliten, og no går kommunen og idrettslaget inn for å oppgradera anlegget.

Den 33 år gamle bana vert brukt av fleire lag, og anlegget er i bruk året rundt. Difor skal ein no legga om til kunstgras, samt installera lysanlegg.

Prisen for den nye bana og lysanlegg vert på 5,2 millionar kroner, der 1,7 millionar kroner skal utgjera spelemiddel.

Artikkeltags