ENK vann toppkampen

Artikkelen er over 10 år gammel

ENK kjempa seg til tre poeng i kveldens kamp mot serieleiar Hordabø.

DEL

4. divisjon kvinner, avdeling 2: ENK - Hordabø 3-2

I ein svært jamn og intens kamp på kunstgraset i Knarvik, var det heimelaget som kapra alle tre poenga.

Hordabø gjekk på sitt andre tap for sesongen, og nok ein gong var det altså det unge mannskapet til samarbeidslaget ENK som tok skalpen deira.

Hordabø leiar framleis tabellen med 36 poeng, men ENK har ein kamp mindre spelt, og med sine 35 poeng skal laget gjera mykje gale for ikkje å sikra opprykk til 3. divisjon.

Artikkeltags