ENK vann lokaloppgjeret

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Slo Hordabø i Knarvik.

DEL

Stillinga var 1–1 til pause og det såg ut til å bli ein jamn heile vegen ut. Men etter pausen var det ENK som var kvikkast i beina, og vann til slutt 4 – 2.

- Vi er godt nøgd med kampen. Alle har ein god innsats og gjev alt. Laget fungerte veldig godt i dag og alle spela ein god kamp, seier Linda M. Helgesen, Jannike Garberg og Anna Osland Øvretveit, som skåra kvar sitt mål i kampen.

Jentene meiner Hordabø var førhandsfavorittane, sidan dei låg over ENK på tabellen før dagens kamp.

- Dei har eit godt lag og Hordabø har eit par angriparar som er flinke til å lukta målsjansar og vera på rett plass til rett tid. I dag var vi aggressive, og vinn på det.

- I tillegg er vi eit lag som er generelt god alle plassane på bana, spesielt forsvaret vårt har vore godt i det siste, meiner dei tre som har som målsetnad ein av dei tre øvste plassane på tabellen..

- Svak kamp

Hordabø-trenar Frode Myking var ikkje særleg nøgd etter opptreden i Knarvik.

- Vi har alt for mange feilpasningar i dag, vi har rett og slett ikkje dagen. På gode dagar er vi mykje betre framover, og skapar sjansar utav ingenting. I dag spelar vi ein svak kamp.

- Det skal seias at ENK er eit godt lag med mange kjappe spelarar, men eg føler vi har hatt litt utur og, seier han.

Nyopprykka

Hordabø er nyopprykka i tredje divisjon, i tillegg har dei eit veldig ungt lag.

- At vi har et ungt lag synest eg er positivt. Vi låg på fjerde plass før dagens kamp, så nivået heldt vi følgje med i tredje divisjon. Målet denne sesongen blir å halda øvre halvdel av tabellen, seier han.

Artikkeltags