ENK vann lokalderbyet

SKÅRA IGJEN: Karianne Snekkevik sette inn eit av ENK sine tre mål borte mot Hordabø. (Arkivfoto: Endre Hopland)

SKÅRA IGJEN: Karianne Snekkevik sette inn eit av ENK sine tre mål borte mot Hordabø. (Arkivfoto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 10 år gammel

Det vart som venta jamt og tøft i toppkampen mellom Hordabø og ENK på Bø-graset søndag kveld.

DEL

4. divisjon damer, avdeling 2: Hordabø – ENK 1-3 (0-1)

Mål: 0-1 Karianne Snekkevik, 0-2 Lene Tvedt, 1-2 Tanita Marøy, 1-3 Egzona Halili

Hordabø stod med fem strake sigrar før møtet med ENK søndag. Gjestane på si side hadde tre sigrar og ein uavgjort med seg frå sine fire første kampar. Det var med andre ord to topplag som møttest på Bø-graset denne kvelden, og det bar kampen også preg av.

- Det var veldig jamt. Hordabø er utan tvil det beste laget vi har møtt i år, og vi hadde tidvis store problem med å spela dei ut, seier ENK-trenar Marius Silseth til nh.

ENK sitt kjennemerke er at ballen går kjapt langs bakken. Dette vart vanskeleg mot eit godt og fysisk sterkt Hordabø-lag, som pressa gjestane bakpå i store delar av andre omgang.

Hordabø-press

Første omgang var jamn, og omgangens einaste skåring kom til ENK etter at lynkjappe Karianne Snekkevik vart spelt fri like før kvilen. Åleine mot keeper gjorde ho ingen feil, og stillinga var dermed 0-1 til pause.

- Det var heilt tilfeldig at det var vi som leia. Begge lag hadde store sjansar, og berre gode keeperar i begge endar gjorde at det ikkje vart fleire mål, seier Silseth.

Skåringa gav ENK blod på tann, og dei første sju minuttane av andre omgang trykka det unge lagt på for ei ny skåring. Denne kom også, men etter dette var det slutt på moroa.

- Etter at vi skåra 0-2 tok Hordabø fullstendig over, og dei neste 25 minuttane var eit einaste langt Hordabø-angrep. Heldigvis skåra dei berre ein gong, fortel ENK-trenaren.

- Dei overraska oss

Hordabø-damene gjekk tom for krefter ti minutt før slutt, og kampen jamna seg meir ut. På overtid sette ENK-innbytar Egzona Halili inn 1-3, og kampen var kjørt.

Hordabø-trenar, Frode Myking synest tapet søndag var surt, men tar ikkje akkurat til tårene.

- Vi hadde fortent minst eit poeng, men når vi ikkje klarar å skåra, så vinn vi heller ikkje, seier Myking, som er full av lovord om motstandarane frå ENK.

- Dei overraska oss verkeleg. Vi spelte treningskamp mot dei i vinter, og sjølv om vi tapte, imponerte dei ikkje. Sidan den gong har dei vorte mykje betre, særleg fysisk. Det var her vi trudde vi skulle ta dei, men der fekk vi oss ei overrasking, seier han til nh.

Hordabø vert liggande på tabelltoppen til tross for tapet søndag. ENK er framleis på delt andreplass.

Artikkeltags