ENK tapte mot topplaget

Artikkelen er over 9 år gammel

Arna-Bjørnar 2 vart for sterke.

DEL

ENK leverte årets beste førsteomgang i den vanskelege bortekampen mot topplaget Arna-Bjørnar 2 onsdag, men det var heimelaget som til slutt stakk av med poenga.

I følgje laget sine heimesider, www.enkdamer.com, tok Arna-Bjørnar leiinga etter rundt åtte minutt, men Anne Askeland heada inn 1-1 ei stund seinare, slik at laga var like langt til pause.

Etter kvilen skåra heimelaget først på ny, men Karianne Snekkevik skåra 2-2 frå 20 meter ikkje lenge etter.

Fram til målet hadde ENK vore minst like gode som Arna-Bjørnar, og i følgje heimesidene vart det jobba knallhardt i alle ledd.

Dessverre gjekk kreftene slutt, og det er farleg mot eit så ballsikkert lag som Arna-Bjørnar.

Før domaren blas for full tid vart det skåra tre mål til, alle signert Arna-Bjørnar-spelarar. Dermed vart poenga verande igjen på Garnes.

Frå ENK si side vert det, tapet tiltross, meld om at laget er fornøgd med gjennomføringa av kampen.

Artikkeltags