ENK tapte kretsfinalen

GOD SESONG: Samarbeidslaget ENK har hatt ein svært god sesong, men måtte sjå seg slått av Loddefjord i kretsfinalen onsdag.

GOD SESONG: Samarbeidslaget ENK har hatt ein svært god sesong, men måtte sjå seg slått av Loddefjord i kretsfinalen onsdag.

Artikkelen er over 11 år gammel

Samarbeidslaget ENK gjekk på sesongens første tap i kretsfinalen mot Loddefjord på alvøen kunstgras onsdag kveld.

DEL

4. divisjon kvinner, kretsfinale: Loddefjord – ENK 2-1 (1-0)

Mål ENK: Helene Daae

Kampen sett under eitt var jamn. ENK hadde ballen mest, men Loddefjord var svært sterke fysisk, og farlege på alle dødballar. Heimelaget tok også leiinga om lag 20 minuttar ut i første omgang, og 1-0 stod seg til pause.

Etter kvilen pressa ENK på for utlikning, og ti minuttar inn i omgangen fekk laget utteljing. Helene Daae fekk stå åleine på ein corner, og sette kontrollert kula i nettet. Dermed var det på ny balanse i rekneskapen.

Spelet bølgjer i begge retningar, og ti minuttar før full tid skårar Loddefjord. ENK pressar på, men klarar ikkje å kvittera. Minuttet før slutt vert laget også snytt for eit soleklart straffespark. Kampen endar 2-1, og loddefjord er kretsmeistrar.

Klarte målet

ENK har hatt ein eventyrleg debutsesong. Ingen tap i serien sikra opprykk til 3. divisjon. Trenar Marius Silseth tar det ikkje veldig tungt at kretsmeisterskapen rauk.

- Målet vårt for sesongen var opprykk, og det klarte vi. Så vi er veldig nøgde. Dette var meir ein bonuskamp for oss. Eg føler vi kanskje hadde tatt dei dersom vi hadde fått ekstraomgangar, for som vanleg var vi veldig gode det siste kvarteret. Men det var ingen som hang med hovudet etter denne kampen, seier han til nh.

- Mykje å fara med

Silseth ser på kampen mot Loddefjord som ei god erfaring framfor neste sesong i 3. divisjon.

- Dette er nok litt av det som ventar oss neste år. Vi visste at dei hadde ei god sentrallinje, og slikt kjem vi til å møta mykje av neste sesong. Men årets sesong viser at vi har mykje å stilla opp med, seier Silseth.

Eit skår i ein elles så fin sesong, er at Jannicke Garberg måtte fraktast til sjukehus med ein stygg kneskade ho pådrog seg i onsdagens kamp.

- Det var veldig kjedeleg. Det er slike skader som kan setja spelarar ut over lang tid. Men vi håpar det ikkje var så alvorleg som det såg ut til, seier ENK-trenaren.

Artikkeltags