ENK sikra 4. plassen

VANN IGJEN: ENK sikra 4. plassen i avdelinga etter 4-0 over Hald. Bildet viser Ida Tangedal i duell med ein Hald-spelar.

VANN IGJEN: ENK sikra 4. plassen i avdelinga etter 4-0 over Hald. Bildet viser Ida Tangedal i duell med ein Hald-spelar. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Slo Hald 4-0.

DEL

ENK er sikra minst ein 4. plass i debutsesongen i 3. divisjon, etter at laget slo Hald 4-0 på kunstgraset i Knarvik i helga.

- Vi gjorde ein god 2. omgang, etter å ha eksperimentert litt med formasjonen i 1. omgang utan at det gjekk så veldig bra, oppsummerer ENK-trenar Marius Silseth ovanfor nh.

Etter ein tøff periode midt i sesongen, har det unge ENK-laget for alvor fått sving på sakene i haust.

Sigeren i helga sikra 4. plassen i avdelinga, og laget har også moglegheita til å snappa 3. plassen framfor Arna-Bjørnar 2.

- Nådde målet

- Målet no er å vinna siste kamp med fem mål eller meir, slik at vi får positiv målforskjell. Vi slepp vanlegvis ikkje inn så mykje mål, men vi har hatt eit par skrellar mot Loddefjord denne sesongen, og det har øydelagt målforskjellen. Loddefjord har vel skåra 40 prosent av måla vi har sleppt inn eller noko slikt, seier Silseth.

ENK-trenaren er godt fornøgd med sesongen sett under eitt, og ser ein tilbake til april og kva målsetjing ENK hadde før det heile vart sparka i gang, må det kunne seiast at han har grunn til å vera fornøgd med det laget har fått til.

- Vi hadde eit mål om å etablera oss i avdelinga, og klara ein 4. plass. Det har vi klart, tiltross for at vi har fått langvarige skader og sjukdom på sentrale spelarar, seier han til nh.

Solid jentekeeper

Spelarane han snakkar om er mellom andre midtbaneterrieren Lene Kvinge Tvedt, den botnsolide stopparen Ingvild Smelvær og den faste sisteskansen Mia Foss.

Heldigvis for ENK spirar og gror det i moderklubbane, og Alversund-jenta Sandra Bergetun har gjort ein formidabel innsats som dame-keeper, tiltross for at ho berre er 15 år.

- Sandra har vore utruleg god, og har redda fleire poeng i haust heilt på eiga hand, meiner trenar Silseth.

- Treng breiare stall

Kva som skjer med ENK neste år er enno ikkje avgjort, men Silseth fortel at det vert jobba med å få inn forsterkingar.

- Vi treng meir konkurranse om plassane og fleire folk på trening. I haust har vi heldigvis fått hjelp av fleire tidlegare NBK-spelarar, og det har hjelpt veldig. Fleire har signalisert at dei også vil vera med vidare, og det synest vi er veldig sporty og kjekt, seier ENK-trenaren.

Artikkeltags