ENK-siger i siste runde

Artikkelen er over 9 år gammel

Bergar truleg plassen.

DEL

ENK bergar plassen i 3. divisjon med mindre alt går gale for Hordalandslaga høgare oppe i systemet i innspurten.

1-3-sigeren borte mot Odda i helga sikra plassen som garanterar at laget ikkje rykkjer direkte ned. I verste fall vert det kvalikk.

- Dette var ein kamp vi ikkje kunne tapa med tre mål. Hadde vi gjort det ville Odda gått forbi oss og vi hadde hamna under streken. Vi vann til slutt 1-3, og det var heilt fortent. Odda gav oss bra motstand, men vi hadde god kontroll på kampen, seier ENK-trenar Marius Silseth.

ENK mønstra eit svært ungt lag helgas kamp. Heile seks jenter fødd i 1993 var med til idylliske Tyssedal. Her viste dei at dei har noko i 3. divisjon å gjera.

- No håpar vi på ein god treningsvinter, og så er vi klar til nye slag neste sesong, seier Silseth, som samstundes sender sine gratulasjonar til opprykksklare Hordabø.

- Det osar respekt av det Hordabø har fått til. All ære til dei, seier Silseth.

Artikkeltags