ENK opna med siger

SKÅRA TO: Jannike Garberg var endeleg tilbake på bana for ENK, og kvitterte like godt med to skåringar. (Foto: Elisabeth Garberg)

SKÅRA TO: Jannike Garberg var endeleg tilbake på bana for ENK, og kvitterte like godt med to skåringar. (Foto: Elisabeth Garberg)

Artikkelen er over 9 år gammel

Effektive på bortebane.

DEL

ENK låg under til pause, men var dødelig effektive etter kvilen i søndagens bortekamp mot Øygard.

Jannike Garberg, som nettopp er tilbake etter halvanna års skademareritt, skåra to av ENK sine mål.

Sigrid Johansen, som nyleg låg ti dagar på sjukehus med hjernehinnebetennelse, sette inn eit mål, medan Karianne Snekkevik og ein Øygard-spelar sette inn dei to resterande måla til samarbeidslaget frå Nordhordland.

- Vi hadde fire debutantar i denne kampen, og alle gjorde ein flott innsats. Karoline Sandvik er nettopp fylt 14 år, men viste stoisk ro, og storspelte på sin backplass. Ho har rett og slett inntatt damelaget med storm, seier ENK-trenar Marius Silseth til Nh.

Han framhevar likevel laget sin innsats som utslagsgjevande til at det vart siger i årets første seriekamp.

- Først og fremst er dette ein enorm lagsiger, der vi med moral og styrke viser at hardt arbeid som regel gir resultat, seier Silseth.

Han poengterar at kampen nok var litt jamnare enn resultatet tilseier, men at laget hans var svært bra framfor mål i denne kampen, og utnytta sjansane sine godt.

Artikkeltags