ENK mister kapteinen

SKIFTAR BEITE: ENK-kaptein Sigrid Johansen går til Åsane i 2. divisjon.

SKIFTAR BEITE: ENK-kaptein Sigrid Johansen går til Åsane i 2. divisjon.

Artikkelen er over 9 år gammel

Sigrid til Åsane.

DEL

ENK-kaptein Sigrid Johansen har signert for Åsane sitt damelag, som kjempar i toppen av 2. divisjon. Målet hennar er å nå så langt med fotballen som mogeleg.

- Eg skiftar klubb mest for å få nye utfordringar. Åsane er ein divisjon opp, og eg får trena på eit litt høgare nivå. Det er også hard kamp om plassane, seier Sigrid, som har sikta seg ut ein plass på midtbana som det førebelse målet.

- Det vert hardt, for dei eg konkurrerer med er like gode eller betre enn meg. Men eg ser fram til nye utfordringar, legg ho til.

Sigrid har vore ein av dei viktigaste spelarane på samarbeidslaget ENK i fleire år. Denne sesongen har ho også vore kaptein, og teikna seg for eit par skåringar frå sin posisjon sentralt på midtbana. No trer ho altså i oransje frå hausten av.

Til Norway-cup

- Den største forskjellen trur eg vert tempoet og fysikken. Det kjem nok til å verta mykje meir krevjande å spela på dette nivået. Eg trur vi trenar tre-fire gongar for veka, så treningsmengda er ikkje meir enn eg er vand med, men det vert sikkert litt hardare økter, seier ho.

Sigrid trenar med Åsane sitt juniorlag denne veka, og vert med det same laget på Norway-cup neste veke. Etter returen frå Oslo byrjar oppkjøringa før haustsesongen med damelaget, og første kamp er allereie andre helga i august.

- Det ser eg fram til. Åsane er eit topplag i divisjonen, men eg trur ikkje det er ambisjonar om opprykk i år. Laget er nemleg veldig ungt. Men innan eit par år er 1. divisjon målet, seier ho.

- Litt vanskeleg å gå

Sigrid Johansen har spelt i NBK og ENK heilt frå ho var lita, og innrømmer gladeleg at det ikkje var enkelt å byta klubb.

- På ein måte ville eg ikkje gå, for eg har jo alltid spelt her. På den andre sida er det eit naturleg steg å ta no. Det var ingen sure miner i laget då eg fortalde det, seier Sigrid, som no vert lagveninne med Frekhaug-jenta Silje Paulsen.

Også hovudtrenar Jostein Nesse, som tidlegare trena NBK sitt damelag, kjenner ho frå før.

Sigrid er heilt klar på at ho har lyst til å sjå kor langt ho kan nå med fotballen.

- Det har eg eigentleg alltid tenkt, så får vi sjå kva det vert til. Åsane er i alle fall ei god utfordring no, seier ho til Nh.

Artikkeltags