ENK med uavgjort

TETT KAMP: ENK spelte uavgjort mot ArnaBjørnar sine nestbeste søndag. Her er det Helene Daae som er i duell med ein av Arna-laget sine raske angriparar.

TETT KAMP: ENK spelte uavgjort mot ArnaBjørnar sine nestbeste søndag. Her er det Helene Daae som er i duell med ein av Arna-laget sine raske angriparar.

Artikkelen er over 9 år gammel

ENK og Arna-Bjørnar sine nestbeste delte poenga i Knarvik søndag.

DEL

Første omgang var jamnspela, med få opne sjansar. Arna-laget var farlegast med eit par svært fotrappe angriparar. Minuttet før slutt fekk dei og utteljing.

Gjestane laga og 2-0 i andreomgang, før Jannicke Garberg og Sigrid Johansen sytte for full kamp igjen. ArnaBjørnar pressa hardt på, og fekk på ny leiinga.

I kampens siste minutt kom imidlertid den rutinerte innbyttaren Birthe Ann Lrsen og sikra heimelaget eit poeng.

Dermed har ENK fått ein meir enn godkjent start på sesongen med 4 poeng på dei to første.

Artikkeltags