ENK klar for 3. divisjon

Artikkelen er over 11 år gammel

Samarbeidslaget ENK rykkjer opp til 3. divisjon i fin første sesong i seriesystemet. Samstundes lever håpet for Hordabø.

DEL

4. divisjon kvinner, avdeling 2: ENK – Nymark 2 4-1 (1-1)

Mål ENK: Silje Paulsen, Caroline Morken (2), Helene Hammer.

Etter 4-1-sigeren over Nymark sitt andrelag søndag ettermiddag, var ENK veldig nært opprykket. Når Hordabø tapte 5-4 borte mot Varegg/Sandviken litt seinare på kvelden, var det ikkje lenger nokon tvil. ENK rykkjer opp.

- Det var ein veldig kjekk beskjed å få, sjølv om vi var nokså trygge på at vi kom til å avgjera det heile sjølv i siste kamp, seier ENK-trenar Marius Silseth til nh.

Silseth er svært stolt over kva det unge laget hans har fått til i sin debutsesong i seriesystemet.

- Eg synest det står stor respekt av sesongen vår, særleg med tanke på at mange av jentene har spelt to-tre kampar i veka på ulike aldersbestemte lag. Det vert ei belastning både psykisk og fysisk, men den har dei takla bra, seier han.

- Over all forventning

Samarbeidslaget vart ikkje heilt som planlagt før sesongen. Sju-åtte av spelarane frå Eikanger meldte fråfall, og brått var det tynt i rekkjene.

Hjelpa kom frå yngre hald, og i løpet av første sesongen med seniorfotball, har mange av jentespelarane i dei tre klubbane etablert seg på damelaget. Fleire av desse hever også laget sine prestasjonar.

- Etter at det vart klart korleis situasjonen kom til å verta, vart vi samde om å senka opprykksambisjonane. Planen var at vi skulle gjera så godt vi kunne denne sesongen, og sjå kor vi hamna. Det har gått over all forventning, og jentene har hatt ei utruleg utvikling, seier Silseth til nh.

Fortent siger

Søndagens kamp mot Nymark bar preg at eit lag måtte vinna, medan det andre slett ikkje hadde det travelt. Nymark tok leiinga på frispark, medan ENK fekk ei skåring annullert og brente straffe i løpet av den første halvtimen.

Like før pause sikra Silje Paulsen 1-1, og etter kvilen var ENK ustoppelege. To skåringar av Caroline Morken og ei av Helene Hammer, sikra alle tre poenga på Fossemyra.

- Vi har ein lei tendens til å få eit mål imot tidleg. Denne må vi legga av oss no når vi skal spela i 3. divisjon. Men jentene viser enorm moral, og kjem tilbake i ein kamp som slett ikkje er enkel. Til slutt vinn vi fortent, seier trenar Silseth.

Kvalikk for Hordabø

Hordabø hadde ein delegasjon til stades for å sjå på kampen, men desse måtte skuffa konstatera at ENK tok alle poenga, og dermed sette Hordabø i ein endå vanskelegare situasjon med tanke på direkte opprykk.

Men andreplassen har laget frå den grøne øya eit godt grep om, og den kan faktisk gi opprykk i år.

Det har seg nemleg slik at tabelltoaren i avdeling 1 og avdeling 2, møter det nest dårlegaste laget i 3. divisjon til seriespel etter sesongslutt. Kvart lag møter kvarandre ein gong, og det laget som gjer det best, får plassen i 3. divisjon.

- Vi ønskjer Hordabø lukke til, og håpar dei klarar opprykket. Det hadde vore kjekt om dei vart med opp, seier Silseth til nh.

Artikkeltags