ENK i støtet

Artikkelen er over 7 år gammel

Tredje strake siger.

DEL

Samarbeidslaget ENK tok sin tredje strake siger i helgas oppgjer mot Voss2.

Linda Helgesen sette inn 0-1 midtvegs i første omgang etter eit mønsterangrep, og resultatet 0-1 stod seg til pause.

Vossingane byrja best etter kvilen, og vart i følgje ENK sine nettsider, www.enkdamer.com, kanskje snytt for straffe tidleg i andre omgang. Men domaren vinka det heile vidare.

Like etter var det straffesituasjon motsett veg, men heller ikkje denne vart det dømt på.

Karianne Snekkevik banka inn 0-2 etter 60 spelte minutt, og derifrå og ut hadde gjestane frå Nordhordland stort sett kontroll, sjølv om Voss2 fekk seg eit mål på slutten.

ENK har no ni poeng etter sju spelte kampar, og er opp på 6. plass på tabellen.

Artikkeltags