ENK i motbakke

Artikkelen er over 8 år gammel

Nytt tap mot Djerv tirsdag.

DEL

ENK gjekk på eit bittert 0-2-tap i heimekampen mot Djerv tirsdag kveld. Kampen, som eigentleg skulle gått på graset i Knarvik, vart flytta til Fossemyra grunna overvatn.

ENK opna noko nervøst, og fekk også 0-1 i trynet på Djerv sin første sjanse. Sjølv om heimelaget spelte seg inn i kampen igjen, skåra effektive Djerv 0-2 på sin andre sjanse.

Dette var også pauseresultatet.

I følgje laget sine heimesider, www.enkdamer.com, mønstra Djerv eit robust og fysisk lag, som skapte mykje problem for nordhordlendingane i siste fase av spelet.

Sjølv om heimelaget etter kvart tok over det meste av spelet, ville det seg ikkje framfor mål. Laget hadde både stolpeskot og fleire andre gode sjansar, men ballen ville ikkje i mål.

Dermed vart det nok eit tungt tap å svelgja for det unge samarbeidslaget, som har fått ein tøff start på haustsesongen.

Artikkeltags