ENK framleis i faresona

UVISS FRAMTID: ENK, her representert ved Karianne Snekkevik, står framleis i verste fall i fare for å måtte spela i 4. divisjon neste år. Dersom ting går vegen for Hordalandslaga i kampen om opprykk til 2. divisjon, bergar laget plassen. Visst ikkje vert det kvalikk.

Artikkelen er over 9 år gammel

Risikerar kvalik.

DEL

ENK risikerar å måtta spela kvalik for å overleva i 3. divisjon, etter å ha hamna lenger nede på tabellen enn planlagt.

På damesida skjedde det fleire uventa ting denne sesongen. ENK hadde som målsetjing å etablera seg på øvre halvdel av tabellen, og danna grunnlaget for opprykk til 2. divisjon innan 2012.

Grunnlaget er nok i ferd med å verta danna, men samarbeidslaget risikerar faktisk framleis å måtta spela kvalik for å overleva i 3. divisjon.

Det har seg nemleg slik at Follese og Jølster møtest i semifinalen om opprykk til 2. divisjon til helga. Det same gjer Loddefjord og Stål/Jørpeland.

Dersom begge Hordalandslaga vinn er ENK sikra fornya kontrakt. Det inneber nemleg at eit av laga rykkjer opp til 2. divisjon og etterlet seg ein ledig plass i 3. divisjon.

Skulle derimot eit av laga frå Sogn stå igjen som vinnar av dei fire, må ENK ut i kvalik mot to lag frå 4. divisjon i Hordaland.

Les fullstendig oppsummering av årets fotballsesong i Nordhordland i lørdagsavisa?

Artikkeltags