Endeleg utteljing for ENK

SKÅRA: Caroline Morken.

SKÅRA: Caroline Morken. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Slo Djerv 4-2.

DEL

Samarbeidslaget ENK har ikkje fått utteljing for mykje godt spel i haust, men i den viktige kampen mot Djerv i Knarvik onsdag losna det endeleg.

Annelise Danielsen sende ENK i føringa etter berre eit par minutt, og Katrine Hansen dobla leiinga før pause.

Djerv reduserte til 2-1 etter kvilen, før Caroline Morken banka inn 3-1 frå 20 meter. Djerv kom på ny tilbake og laga 3-2, før Danielsen fastsette sluttresultatet til 4-2 når kampen nærma seg over.

- Ein utreleg viktig siger som skal skaffa oss den nødvendige sjølvtilliten inn mot sesongavslutninga. Ein fantastisk lagsiger som vitnar om moral etter mykje stang ut i haust, seier trenar Marius Silseth.

ENK ligg på 8. plass på tabellen med 15 poeng når tre kampar står att.

Artikkeltags