Endeleg tilbake etter skademareritt

Artikkelen er over 8 år gammel

Jannike Garberg gler seg til seriestart.

DEL

ENK-spelar Jannike Garberg har gått skadd i halvanna år, og når hardhausen no endeleg er tilbake, spelar ho det med ein attgløymt kirurgborr i låret.

- Dette har vore mi aller verste tid. Eg har ikkje kunne spela fotball på nesten halvanna år, så no skal eg nyta kvart minutt på fotballbana, seier ho til Nh.

ENK gjorde ein fantastisk 2007-sesong, og rykka opp med god margin. Rutinerte Jannike Garberg, med fire år med 2. divisjonsfotball på nakken, spelte ei viktig rolle i denne prosessen.

Etter jubelsesongen, var det duka for KM-finale borte mot Loddefjord, ein kamp som skulle verta byrjinga på eit halvanna år langt mareritt for angrepsspelaren.

Garberg var nemleg maksimalt uheldig i ei takling som ikkje var av det stygge slaget, og øydela foten på alle tenkjelege måtar.

Borr i låret

- Eg rauk leddband, korsband og attpåtil fekk eg også eit brot i lårbeinet, alt i same taklinga. Det er jo heilt utruleg, men det var no slik det skjedde, fortel ho.

Skaden var alvorleg nok, men det var først etterpå at ting verkeleg byrja å verta elendig.

- Først ville dei ikkje operera, og eg gjekk på krykkjer i to månader. Etter dette følgde tre månader der eg berre kunne gå, ikkje springa. Då først bestemte dei seg for at eg måtte opererast, seier Garberg til Nh.

Operasjonen var av det innvikla slaget, og for å toppa heile galskapen sette kirurgane fast eit borr inne i beinmergen til fotballspelaren. Den dag i dag sit den godt planta i beinet hennar.

Trena knallhardt

- Det var i det heile tatt veldig mykje som gjekk gale, og eg vart gåande på krykkjer i fleire månader etter operasjonen. Det var ein utruleg kjedeleg situasjon, og eg håpar dette vert min siste, langvarige skade, seier ho.

Det siste året har Garberg meir eller mindre budd på balanseputa, og ho har trena knallhardt alternativt for å halda forma ved like.

Ho har vore på nesten alle treningane laget har hatt, og trena styrke medan dei andre har jobba med ball.

- Jannike viser ei utruleg haldning, og eg unner ho all mogeleg lukke. Ho har rett og slett vore fantastisk, seier ENK-trenar Marius Silseth til Nh.

Glad for å vera tilbake

Sjølv er Garberg mest opptatt av å sjå framover, og ho kan nesten ikkje venta til første seriekamp vert sparka i gang i Øygarden i morgon ettermiddag.

- No er eg berre utruleg glad for å vera tilbake igjen, for det har vore eit mareritt å stå på sidelinja så lenge, seier ho.

Kva årets sesong gjeld, har ho stor tur på laget sitt. Men ho understrekar at det er viktig at alle stiller opp og gir alt for drakta.

- Vi har framleis eit ungt lag, og vi har fått inn ein del spelarar som ikkje har erfaring frå seniornivå. Men vi er fullt skjerpa på trening, så eg trur det kjem til å gå bra, seier ho til Nh.

Artikkeltags