Endeleg opprykk for "den evige toar"

KLARE FOR 3. DIVISJON: Hordabø sitt damelag, her representert ved talentfulle Helene Marøy og veteranen Therese Helland, er klare for 3. divisjon. Nemnde Marøy vert truleg også toppskårar for Hordabø i debutsesongen sin på seniornivå.

KLARE FOR 3. DIVISJON: Hordabø sitt damelag, her representert ved talentfulle Helene Marøy og veteranen Therese Helland, er klare for 3. divisjon. Nemnde Marøy vert truleg også toppskårar for Hordabø i debutsesongen sin på seniornivå. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Bø-damene klare for 3. divisjon.

DEL

Etter å ha kome på andreplass på tabellen fleire sesongar på rad, sikra endeleg Hordabø sitt damelag opprykket til 3. divisjon denne helga.

- I år har vi vore utilnærmelege. Dei to siste åra har det alltid vore eit anna lag som har satsa, og som har hamna framfor oss på tabellen. I år var det endeleg vår tur, og det er heilt fortent, seier Hordabø-trenar Frode Myking til nh.

Helgas kamp borte mot Vestsiden/Askøy var langt frå noko fyrverkeri. Hordabø vart tatt litt på senga av den valdsame innsatsen til heimelaget, og måtte langt ned i kjellaren for til slutt å dra i land den viktige sigeren.

- Enorm innsats

- Eg trur aldri eg har sett eit damelag med same innsats som Vestsiden/Askøy viste. I tillegg mangla vi ein del folk, og gjorde elles ein dårleg kamp. Men vi fekk no den avgjerande skåringa i andre omgang, og det var det viktigaste i denne kampen, seier Myking.

Hordabø-trenaren kan elles fortelja at det ikkje vart nokon kjempefeiring etter at opprykket var sikra. Feiringa får venta til etter neste kamp.

- Vi tok det roleg, men det vart sjølvsagt litt jubel då vi såg at Voss hadde knust Flaktveit, som var vår næraste konkurrent, seier Myking.

- Solid lag

Korleis 3. divisjon vil ta imot Hordabø har ikkje Myking tenkt så mykje på enno, men han meiner laget har det som skal til for å etablera seg i divisjonen.

- Vi er eit solid lag, og dersom alle held fram har vi eit godt utgangspunkt. Noko topplag vert vi nok ikkje, men eg trur ikkje vi skal verta liggande i botn heller, seier han til nh.

I tillegg til dei allereie etablerte spelarane på damelaget til Hordabø, kjem det mange gode jentespelarar opp frå aldersbestemte lag.

- Vi er jo ikkje verdas navle her ute, og har ikkje altfor mange spelarar å velja mellom. Men eg håpar at ein del av jentene vil vera med oss neste sesong. Der er det mange gode fotballspelarar som kan styrka stallen, seier Myking.

Artikkeltags